Hopp til innhold

Hadde 12 cm mellom magemusklane i 21 år: – Fekk beskjed om å leve med det

BERGEN (NRK): Barnet i magen pressar musklane frå kvarandre og mange kvinner får store plager i årevis. – Vi veit for lite om denne tilstanden, seier forskar.

Hege kan endeleg ta i bruk dongeribukser.

PASSAR ENDELEG: Hege-Therese Nilsen kan endeleg finne fram klede som har lege i klesskapet i mange år.

Foto: Ingvild Constance Festervoll Melien

«Rectus diastase», eller delte magemusklar på folkemunne, er ein vanleg tilstand som oftast oppstår som følgje av ein graviditet.

For å gje plass til det veksande barnet, deler dei loddrette magemusklane seg og strekkjer seg ut på sidene av magen.

For dei fleste veks magemusklane saman att. Hos kring 30 prosent held separasjonen fram i lengre tid, utan at dette nødvendigvis gir plager.

Ei stor opning blir definert som fire-fem centimeter. Hege-Therese Nilsen (49) hadde eit 12 centimeters mellomrom mellom musklane i mange år.

Utan magemusklar til å halde alt på plass såg magen framleis gravid ut, årevis etter fødsel.

Hege-Therese trente og trente.

– Armane og beina vart sterkare, men magen var like stor, seier ho.

OPERASJON: Kirurgen sydde saman magemusklane og fjerna nesten tre kilo overflødig hud.

OPERASJON: Kirurgen sydde saman magemusklane og fjerna nesten tre kilo overflødig hud.

Foto: Ingvild Constance Festervoll Melien

Fekk gravid-kommentarar

Med ein mage som bula ut, kunne Hege-Therese få spørsmål om ho var blitt gravid att.

– Eg kunne også få kommentarar som «det burde no vere mogleg å trene vekk den magen», seier ho.

Men det er ikkje mogleg å trene vekk ein mage som har oppstått på grunn av separerte magemusklar.

– Eg kjende mykje på skam, for uansett kva eg gjorde vart ikkje magen mindre.

Hege-Therese tok opp problemet med fleire legar, som alle svarte at dette var normalt og noko ho måtte lære seg å leve med.

Valde til slutt å operere

På internett fann ho til slutt ut at det var hjelp å få, i form av ein operasjon der magemusklane blir sydd saman att.

Lang ventetid i det offentlege gjorde at ho gjorde inngrepet på ein privat klinikk.

Hege-Therese har gjeve kirurgen fritak frå teieplikta, slik at han kan uttale seg om hennar tilfelle.

Dr. Christian Busch er kirurg ved klinikken Plastikkirurg1 på Sandsli.

– Dersom avstanden mellom magemusklane er stor nok og det gir plager, så kan ein få behandling på offentleg sjukehus, seier han.

– Sannsynlegvis hadde Hege-Therese fått denne operasjonen gjennom det offentlege.

Han er tydeleg på at denne, som alle operasjonar, medfører ein risiko, og at det ikkje er noko som pasientane tar lett på.

– Dei som kjem inn med denne problematikken, har reelle plager, seier han.

Plastikkirurg Christian Busch inne i operasjonssalen.

OPERASJONSSAL: Her inne blir pasientane operert.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Kosmetisk eller medisinsk?

Eit viktig spørsmål som forskinga enno ikkje har funne eintydige svar på, er om delte magemusklar medfører fysiske plager.

– Per i dag blir delte magemusklar rekna for å vere ein kosmetisk tilstand, seier forskar Nina-Margrethe Theodorsen frå Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen.

Men i sitt verke som fysioterapeut har ho opplevd at kvinner som har fått sydd saman magemusklane har opplevd betring av rygg- og bekkenplager.

– Vi kan likevel ikkje bevise at det eine førar til det andre, seier ho.

Fysioterapeut Nina-Margrethe Theodorsen forskar på kvinnehelse etter graviditet og fødsel i sitt doktorgradsprosjekt.

FORSKAR: Nina-Margrethe Theodorsen forskar blant anna på separerte magemusklar i sitt doktorgradsprosjekt. Ho meiner det er for lite kunnskap på feltet.

Foto: Privatfoto

For dårleg oppfølging etter fødsel

Svært mange kvinner opplever kroppslege plager etter graviditet og fødsel.

Det kan vere inkontinens for urin og avføring, smerter og separerte magemusklar.

Forskar på kvinnehelse Nina-Margrethe Theodorsen meiner at det på generell basis er for dårleg oppfølging av desse kvinnene.

– Vi veit for lite om kvinnehelse og om kva som skjer med kvinnekroppen i svangerskapet og korleis dette påverkar kvinnekroppen etterpå, seier ho.

Ifølgje Theodorsen er det gjort lite, men ein del dårleg forsking, på tilstanden «rectus diastase».

Ho meiner at sjølv om tilstanden er normal, så må helsepersonell vere lydhøyre når kvinner kjem til dei.

Hege-Therese opplevde at legane snakka vekk problemet, og saknar betre informasjon.

– Det burde vore opplyst at det er mogleg å gjere noko med det, seier ho.

– Har krav på informasjon

– Står vi i fare for å sjukleggjere fødekroppen meir enn nødvendig?

– Svangerskap er naturleg. Då tenker eg at alt anna som følgjer med også skal reknast som naturleg. Men kvinner i 2021 har krav på informasjon, konstaterer ho.

Hege-Therese er glad for at ho tok operasjonen. Ho føler at ho har funne tilbake til seg sjølv.

– Eg gøymer meg ikkje vekk lenger, så eg merkar ein stor forskjell i sjølvkjensla. Meir enn eg hadde trudd.

Hege måtte ligge strak ut på sofaen i etterkant av operasjonen.

NEDE FOR TELJING: Etter operasjonen måtte Hege-Therese Nilsen ta det med ro på sofaen i fleire veker.

Foto: Ingvild Constance Festervoll Melien