Hopp til innhold

I 2003 møtte Runar kona si under denne - i natt må han sjå på måneformørkinga åleine

Hobbyastronom og fotograf Runar Sandnes har eit heilt spesielt forhold til totale måne- og solformørkingar. I natt kan vêret hindre han i å få med seg ei måneformørking av dei sjeldne.

Måneformørking sett over Sandane 9. november 2003

SÅG PÅ DENNE: Runar Sandnes har sett mange måneformørkingar, men sjeldan så fine som i 2003. Då var det klarvêr. Og som ein bonus møtte han kona si under denne.

Foto: Runar Sandnes

For i natt blir første gongen sidan 1964 at ein kan sjå ein superstor fullmåne samtidig med ei total måneformørking i Norge. Når dette skjer samtidig blir det litt uhøgtidleg kalla supermåneformørking. Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard er blant dei som er svært begeistra.

– Dette er unikt, det er verkeleg sjeldan og det er veldig imponerande å få sjå det, seier han til NRK.

Hobbyastronom og fotograf Runar Sandnes på Sandane i Gloppen er likevel ikkje like gira.

Eg er ikkje hyperentusiastisk, for eg har sett det før. Men det er alltid kjekt å få det med seg. Dei totale måneformørkingane er veldig vakre, seier Sandnes.

Måneformørking, fleire stadier, sett over Sandane i 2003

FORMØRKING: Dette biletet er sett saman av fleire stadium av måneformørkinga sett over Sandane i 2003.

Foto: Runar Sandnes

– Det var skyfritt og alt stemte

Og kanskje er det ikkje så rart at Sandnes etter kvart har fått eit litt meir balansert forhold til måneformørkingar. For fleire av dei store augneblinkane i Sandnes sitt liv er knytt opp til måne- og solformørkingar.

– Sist det var ei måneformørking med perfekt vêr her på Vestlandet var i 2003, og då møtte eg kona mi, fortel han.

Dette skjedde i heimkommunen der Sandnes saman med ein annan hadde invitert elevane ved den vidaregåande skulen på Sandane til å sjå på måneformørkinga. Det var skyfritt vêr og alt stemte, fortel Sandnes.

– Formørkinga starta like etter midnatt og varte utover natta. Etter ei stund vart eg ståande å prate med ei kjekk jente... Som seinare vart kona mi, og no har vi tre barn, flirer Sandnes.

I kveld kan vêret øydelegge

Runar Sandnes

FOTO OG ASTRONOMI: Er to av Runar Sandnes sine lidenskapar.

Foto: Runar Sandnes

Og med så spesielle kulissar for det første møte kunne ikkje resten bli dårlegare.

Paret forlova seg difor under ei total solformørking i Tyrkia i 2006, og gifta seg dagen etter ei delvis solformørking i 2008.

Når Sandnes no for lengst har kapra draumedama og fått tre barn, ser han ingen problem med å sjå på måneformørkinga åleine. I natt er det heller vêret som uroar han.

– Førebels ser det ikkje ut til at vêret blir det beste, men det er vi jo vande med på Vestlandet, flirer han.

Desse tidspunkta bør du merke deg om du skal ut og sjå:

Klokka 02.11 – starten på halvskuggen.
Klokka 03.07 – delvis formørking.
Klokka 04.11 – start total formørking.
Klokka 05.23 – slutt på total formørking.
Klokka 06.27 – slutt på delvis formørking.
Klokka 07.22 – slutt på halvskuggen.