Hopp til innhold

I 14 år jobba Terje med krigssenteret – no ber han om at det blir redda

MÅLØY (NRK): – Det vil vere forferdeleg dersom Måløyraidsenteret må stenge dørene, seier Terje Sølvberg (74) medan tårane pressar på.

Terje Sølvberg

STENGE: No er det stor fare for at Måløyraidsenteret går konkurs og må stenge dørene. Biletet bak er av sjølvaste Martin Linge, som fall under Måløyraidet romjula 1941.

Foto: Bård Siem / NRK

Lyden av maskingeværeld og bomber som eksploderer overdøyver alt anna. På veggane ser vi allierte soldatar som kjem krypande og vi ser skip som brenn. Vi er i Måløyraidsenteret i Nordfjord saman med historikar Terje Sølvberg.

I 14 år har han jobba nærast natt og dag for å få realisert draumen om eit senter som viser det allierte angrepet på Måløy 27. desember 1941.

– Vi har jobba så hardt for å få det til og det har vorte veldig bra. Å måtte stenge no går ikkje an, seier han. Stemma brestar og tårane pressar på.

Har akutt behov for 9 millionar

74-åringen var høgt oppe då sjølvaste Kronprins Haakon opna senteret i august i fjor. Etter den tid har det meste gått gale. Senteret har no akutt behov for 9 millionar kroner for å unngå konkurs.

Lotteri – og stiftingstilsynet har slakta økonomistyringa og tvinga i mai i år det tidlegare styret til å gå av.

– Skamplett for kommunen

Ei rekke ulike kreditorar har store pengar uteståande frå Måløyraidsenteret. Ein av dei er Sætren AS i Måløy som har stått for det elektriske arbeidet.

– Vi som har pengar til gode må samle oss der vi bidreg til at senteret blir redda. Måløyraidet med Martin Linge i spissen er ekstremt viktig i den norske krigshistoria. Det vil vere ein skandale om det må stenge, seier Kjell Gunnar Tennebø, dagleg leiar ved Sætren AS.

– Dersom politikarane vel konkurs, blir det ein stor skamplett for kommunen. Ein kan ikkje først heidre og ære norske soldatar, Martin Linge og kongefamilien, og la det etterpå gå konkurs, seier ein av dei andre store kreditorane, Dag Myrestrand i Bitmap AS.

Glad for støtte

Styreleiar ved Måløyraidsenteret, Norvall Bakke, er glad for signala frå næringslivet.

– Det at næringslivet er positive er heilt avgjerande for at vi skal greie å kome fram til ei løysing. Vi jobbar med ulike alternativ og har tru på at vi skal kome i mål, seier han.

Norvall bakke, styreleiar Måløyraidsenteret

JOBBAR HARDT: Styreleiar ved Måløyraidsenteret Norvall Bakke jobbar hardt for å unngå konkurs. Han er glad for at næringslivet i Måløy vil stille opp.

Foto: Bård Siem / NRK

– Må ikkje ta fred for gitt

Sølvberg meiner det er viktig at ein ikkje gløymer historia.

– Vi må kjenne historia for å forstå samtida, seier 74-åringen, medan han peikar mot krigshandlingane som er vist på veggen.

Sølvberg påpeikar at fred og fridom ikkje er ein sjølvsagt tilstand.

– Difor er dette senteret så viktig, seier historikaren.

Kinn kommunestyre skal i byrjinga av november skal ta endeleg stilling til om Måløyraidsenteret vil frå økonomisk støtte. Då blir det avklart om det blir konkurs eller ikkje.