Hopp til innhold

HYLLESTAD: Høgre avgjer kven som tek makta

I Hyllestad kommune er Arbeidarpartiet og Senterpartiet dei største partia. Likevel er det Høgre som sit i førarsetet.

Hyllestad ordførarval 2015

KVEN BLIR ORDFØRAR: Blir det Morten Askvik for Senterpartiet eller blir det Harry Mowatt for Arbeidarpartiet?

Foto: Rune Fossum / NRK

Vallogo

Med 37,6 prosent (+5,7) av stemmene til Arbeidarpartiet og 35,3 prosent (+5,3) til Senterpartiet er det god grunn til å tru at ein av desse får ordføraren. Men saka er ikkje avgjort før Høgre har fått sondert terrenget.

For ordførarkandidaten til Høgre,Geirr Helge Nordstrand, er klar på at det er dei som trekkjer i trådane når forhandlingane no set i gang.

– Vi er i førarsetet om vi kan seie det slik. Vi har fire mandat og vi kan velje kor vi går. Det er vi som vel, seier han.

Mowatt trur ikkje han blir ordførar

Arbeidarpartiet var ikkje langt unna det sjåande mandatet, men også for dei er dette noko av det beste valet dei har gjort i Hyllestad.

– Vi må nok tilbake igjen til 2003 då vi hadde over 40 prosent, men bortsett frå det har ikkje hatt slike val sidan 50-åra, trur eg, seier Harry Mowatt i Ap.

Mowatt er godt nøgd med valet, men tvilar på at han blir ordførar.

– Ut frå det eg observerte i kveld verkar det som at Høgre og Senterpartiet er veldig nære eit samarbeid, seier han.

– Vi skal ha gjennomslag for vår politikk

Alle dei fire partia som stilte til val i Hyllestad; Høgre, Ap, Sp og KrF, fekk eitt meir mandat ved dette valet samanlikna med valet for fire år sidan. Årsaka er at Samlingslista ikkje stilte til val denne gongen.

Uansett står kampen mellom Ap og Sp. Mowatt håpar å få gå i reelle forhandlingar med Høgre, men fryktar at Senterpartiet trekkjer det lengste strået. Og eit samarbeid mellom Ap og Sp er umogleg i Hyllestad, ifølgje Mowatt.

Nordstrand i Høgre seier dei ikkje har drive forhandlingar på valkvelden, og seier dei vil gå i dialog med både Ap og Sp. Likevel er det Sp som er først i køen.

– I og med at vi har hatt eit samarbeid tidlegare, og vore i opposisjon saman, er det naturleg at vi snakkar med dei først. Om vi ikkje oppnår vår politikk i lag med Senterpartiet, så møter vi Arbeidarpartiet. Vi kjem til å støtte dei som gir gjennomslag på vårt program. Vi har vårt valprogram og det skal vi ha gjennomslag på. Ver trygg, seier han.