Hopp til innhold

Hyllestad ber om hjelp etter masseoppseiingar

Konsekvensane av at 60 personar i hjørnesteinsbedrifta i Hyllestad mistar jobbane, kan råke kommunen sine 1400 innbyggjarar hardt.

Morten Askvik

UROA FOR ØKONOMIEN: Det er føreseieleg at oppseiingane vil få konsekvensar, seier Sp-ordføraren i Hyllestad, Morten Askvik.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi skal vi ha eit møte med fylkesmannen og NAV og kartlegge kva mogelegheiter vi har for å få hjelp. Vi ser heilt klart at med situasjonen for næringslivet i kommunen blir det konsekvensar for innbyggjarane, seier ordførar i Hyllestad Morten Askvik.

Kommunen har frå før slite med skral økonomi. No kan det gå til det verre etter at skipsverftet Havyard i Leirvik har varsla at 60 personar blir sagt opp i løpet av året, som følgje av dalande aktivitet i olje- og offshorenæringa.

Fryktar for økonomien i kommunen

Det gjer den nyvalde senterpartiordføraren svært uroa for at økonomien i kommunen vert råka.

– Det kan gå både på inntektsgrunnlag, på skatteinngang og på utgifter til sosialstønad.

Fylkesmannen skal ha eit orienteringsmøte med kommunen måndag, der også NAV skal vere med. Umiddelbart kan ikkje fylkesmannen love hjelp til kommunen, seier Marit Lunde hos fylkesmannen.

– Fylkesmannen har litt midlar vi kan dele ut. Hyllestad fekk tildelt ein rest av skjønnsmidlar for 2015 på 700.000 no spesielt med tanke på situasjonen dei står føre. Så er det Nav som kan hjelpe dei med andre ordningar.

Veit enno ikkje omfanget av oppseiingane

Inntektssystemet og kommuneøkonomien er bygt opp rundt folketalet. Når Hyllestad sitt innbyggjartalet er på rundt 1400 og kommunen står i fare for å miste fleire innbyggjarar som følgje av oppseiingane, vil dette få følgjer for neste år.

– Dette møtet vi skal ha no, er tenkt som eit informasjonsmøte. Det kan vere greitt for kommunen og vite kva NAV kan bidra med.

Lunde meiner det er viktig for kommunen å vere i framkant for det som skal skje med oppseiingar. Så førebels er det for tidleg å seie kva slags hjelp fylkesmannen kan gje, seier ho.

– Enkelte ting må vi berre vente med å få avklart til det har vore møte mellom kommunen og Havyard. Då veit vi kor mange som faktisk mister jobben. Så må vi sjå på kommuneøkonomien og sjå på kva kommunen kan klare å gjere, og utføre av sine plikter og tenester dei skal bidra med.