Marknadsavdelinga til Hydro jobbar i desse dagar med å finne ny tilgang til alumina, etter stenginga av råstoffprodusenten Alunorte i Brasil. Alumina er råmateriale ein treng for å produsere aluminium.
Tilsette ved Hydro Høyanger fryktar for kvaliteten på det dei leverer ut, mellom anna til bilindustrien i Europa.
DÅRLEGARE KVALITET: Tillitsvald i Hydro Høyanger, Lars Kjetil Skeie, seier dei tilsette no er bekymra for at kvaliteten på alumina blir dårlegare i tida som kjem.
Foto: Kaia Viki / NRK– Vi er ei kjemisk presisjonsbedrift. Får vi 0,0005 prosent sink i aluminiumen vår, så får vi problem. Då er det ikkje i samsvar med det kunden skal bruke produktet til, seier Lars Kjetil Skeie som er tillitsvald ved Hydro Høyanger.
– Kor stor sannsynlegheit trur du det er for at eit sånt scenario kan skje - og at de må ta ned leveransen til bilindustrien?
– Nei, det er ikkje bra i det heile teke. Da går vi i tap, rett og slett. Då tapar vi pengar.
Fabrikken i Høyanger leverer aluminium til kjende bilmerke som BMW og Audi.
Den største bekymringa blant dei tilsette i Hydro Høyanger handlar no om kor råstoffet skal kjøpast – og kvaliteten på det dei får inn.
Godt nettverk
Hydros norske aluminiumsverk har alumina ut november. Hydro-leiinga seier dei i løpet av kort tid må finne råstoff frå andre delar av verda.
ANDRE MARKNADER: Informasjonsdirektør i Hydro i Noreg, Halvor Molland, seier dei no tek sikte på å få alumina frå nye marknader.
Foto: Oddmund Haugen / NRK– Alunorte produserer ein av dei beste kvalitetane på alumina. Våre operatørar på verka trivst best med den kvaliteten. Men dersom alternativet er ingenting så vil vi kunne produsere på ein god måte også med lågare kvalitet, seier informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland.
– Du er ikkje redd for at kvaliteten vil gå ut over det de leverer?
– Eg trur at våre folk på alle verka vil gjere sitt ytste for å kunne levere beste mogleg produkt med det dei har tilgjengeleg, seier Molland.
Skulle situasjonen bli enda verre, at det ikkje er tilgang på nok råstoff, kan det bli aktuelt å stenge delar av produksjonen. Det vil vere kritisk, seier tillitsvalde på fabrikken i Høyanger.
– Det å stoppe ein heil serie med omnar, då snakkar ein milliardbeløp for å starte dei att. Ein elektrolyse-omn er ikkje skapt for å startast og stoppast. Her i Høyanger har det ikkje vore full stopp sidan midten av andre verdskrig, seier Skeie.
Kritisk til leiinga i Brasil
No får Hydro-leiinga i Brasil kritikk for lite handling og mangel på informasjon.
– Vi opplever at nokon har rota dette til og at saka kunne vore løyst tidlegare. Berre for ei veke sidan hadde vi tru på at vi skulle starte full produksjon i Brasil ved utgangen av dette året. No er situasjonen heilt snudd om. Det er det som skapar mest sjokk og vantru, seier Skeie.
Leiinga avviser kritikken.
– Det har vore ein veldig kompleks situasjon og alle i Brasil har gjort ein iherdig innsats for å sørge for at verket har vore robust og sørge for at dei har kunna produsere alumina i den vanskelege situasjonen som har vore. Alle er interesserte i at vi kan starte opp og levere alumina igjen, seier infodirektør Halvor Molland.