Hydro seier ja til Dooria

Hydro har på visse vilkår sagt ja til å støtte økonomisk etableringa av ein dørfabrikk i Årdal.

Informasjonsdirektør i Hydro, Tor Steinum, seier dei ikkje har klar heile tiltakspakken enno, men han stadfestar at dei vil støtte Dooria si etablering.

Frå før har Dooria fått tilskot og lån frå Innovasjon Norge på 79 millionar kroner.