Hopp til innhold

Fryktar aluminiumsanlegget blir stengt og aldri opna igjen

HØYANGER (NRK): Store delar av den europeiske bilindustrien stoppar opp. Aluminiumsgiganten Hydro går difor ei svært usikker framtid i møte.

Høyanger metallverk

HØYANGER: Aluminiumsgiganten Hydro går ei svært usikker framtid i møte. Her ved Hydro Aluminium i Høyanger.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det er forferdelege tider og vi veit ikkje frå dag til dag kva som skjer. Det er vondt, rett og slett, seier Lars Kjetil Skeie, hovudtillitsvald ved Hydro Aluminium i Høyanger.

Med eit bekymra drag over andletet ser fagforeiningsleiaren innover mot anlegget der 160 kollegaer lagar aluminium.

Sidan den omstridde industripioneren Sigurd Kloumann starta i 1915, har det vore aluminiumsproduksjon i Høyanger. Men fordi anlegget hovudsakleg leverer til den europeiske bilindustrien er det no usikkert kor lenge produksjonen kan halde fram.

– Fryktar du nedstenging av anlegget?

– Ikkje no med ein gong, men kva som skjer lenger fram er det ingen som veit. Det er ein bisarr situasjon å vere i, seier Skeie.

Lars Kjetil Skeie

BEKYMRA: Hovudtillitsvalt Lars Kjetil Skeie ved Norsk Hydro sitt anlegg i Høyanger ser på nedstenging av anlegget som eit skrekkscenario. – Korona-pandemien gjer at vi er i ein bisarr situasjon, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

I tillegg til Høyanger har Norsk Hydro store aluminiumsanlegg også i Årdal, Sunndal, Karmøy og Husnes. Anlegga har til saman over 2000 tilsette.

Skeie fortel at ein ikkje berre kan å slå av brytaren på eit aluminiumsanlegg og enkelt starte opp igjen når det passar.

– Ei nedstenging og oppstart vil koste fleire hundre millionar kroner berre for anlegget i Høyanger.

– Det er enorme summar. Kvifor kostar det så mykje?

– Vi driv ikkje med vanleg smelting av metall. Det er ein avansert elektrokjemisk prosess som tek mykje tid og er svært kostbar å stenge ned, seier han.

Skeie karakteriserer nedstenging av anlegget som eit skrekkscenario.

– Dersom det først skulle bli stengt, vil det bli eit reknestykke om det vil løne seg å starte opp igjen. Så alvorleg er det, seier han.

Har stengt anlegg i utlandet

Koronasituasjonen gjer at bilsalet stuper rundet om i verda. Ein stor del av aluminiumsproduksjonen ved Norsk Hydro går nettopp til bilproduksjon.

– Vi er så klart bekymra for kva konsekvensar dette kan få dersom situasjonen held fram over lengre tid, seier informasjonsdirektør i Norsk Hydro, Halvor Molland.

Halvor Molland, kommunikasjonsdirektør i Norsk Hydro

ALVORLEG SITUASJON: For å tilpasse seg ein marknad i sterk endring har Norsk Hydro stengt ned to aluminiumsanlegg i Luxemburg og Frankrike, fortel informasjonsdirektør Halvor Molland.

Foto: Johan B. Sættem

Fram til no har produksjonen ved dei fem norske anlegga gått som normalt, men med ein marknad i stadig endring er framtida usikker for dei over to tusen faste tilsette.

– Vi ser no at endringane som kjem i Europa vil påverke oss, seier Molland.

For å tilpasse seg marknaden har Norsk Hydro stengt ned to av resirkuleringsanlegga i Luxemburg og Frankrike.

– Katastrofe

– Det vil vere ein katastrofe dersom verket stenger ned, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Ap-ordføraren står utanfor rådhuset i sentrum av Høyanger og ser oppover mot aluminiumsverket som ligg berre nokre steinkast unna.

– Det er hjørnesteinsverksemda vår fullt og heilt, seier han.

Sortland fryktar store konsekvensar dersom anlegget blir stengt ned.

– For oss er dette vere eller ikkje vere.

Han håper at regjeringa no kjem med gode nok støtteordningar som kan hjelpe aluminiumsindustrien gjennom ein periode med store marknadssvingingar.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger.

BETYR ALT: Ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap) meiner Norsk Hydro sitt aluminiumsverk betyr alt for bygda. – Nedlegging vil vere katastrofe, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

– Siste utveg

Så langt har ikkje Hydro hatt behov for å permittere tilsette ved dei norske anlegga, og det blir stadig sett på nye tiltak for å kunne halde produksjonen i gang.

– Å stenge ned eit norsk anlegg som produserer råaluminium og aluminiumsprodukt er siste utveg. Før vi vurderar det skal vi først sjå på mange andre tiltak, seier Molland.

Det blir mellom anna sett på om det er mogleg å produsere andre aluminiumsprodukt.

Krev lemping av karantenereglane

Administrerande direktør i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri, Stein Lier Hansen, er svært uroa for den norske aluminiumsindustrien og anna norsk tungindustri.

– Norsk Hydro har vore avhengig av at den europeiske bilindustrien etterspør aluminium. Vi håper dei greier å finne alternative marknader og dermed unngår å stenge ned, seier han.

Stein Lier Hansen

BER OM HJELP: Den norske tungindustrien treng om nødvendig hjelp frå staten til å dekke dei faste kostnadene sine, seier administrerande direktør i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri, Stein Lier Hansen.

Foto: Anne Lognvik / NRK


Lier Hansen meiner det er viktig å hindre at lokale karantenereglar gjer at friske industriarbeidarar ikkje kjem seg på jobb.

– Nedstenging av anlegg er svært alvorleg og kan føre til at den norske tungindustrien misser konkurransekraft. Det kan bli vanskeleg å kome tilbake igjen i marknadene, seier Lier Hansen.

Han viser til at konkurrerande industriland som til dømes Tyskland brukar enorme summar på å hjelpe industrien sin.

– Difor er det avgjerande viktig at vi greier å halde industrien vår i gang slik at vi ikkje misser konkurransekraft når situasjonen ein gong normaliserer seg. Staten må om nødvendig inn og dekke industrien sine faste utgifter, seier han.