Hopp til innhold

Første hydrogendrivne cruiseskip kan vere klart til 2025

Hybridskip på hydrogen kan løyse mange av dilemma cruisenæringa står overfor. Teknologien er ikkje moden enno, men no er det ikkje langt unna.

Northern Xplorer cruiseskip

NYTT SYN: Cruiseskipa som blir planlagde i verdsarvfjordane, går utan utslepp, men har plass til mykje færre passasjerar.

Foto: Northern Xplorer

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi satsar på hydrogen som den beste løysinga akkurat no i ein kombinasjon med batteri, nettopp for å kunne trafikkere verdsarvfjordane med cruiseskip etter 2026.

Det fortel Rolf André Sandvik, dagleg leiar i cruiseselskapet Northern Xplorer AS.

I ei pressemelding skriv reierlag at dei planlegg å bygge ein serie på 14 mindre hydrogen- og batteridrivne cruiseskip.

Det første skal stå klart i 2025 eller 2026.

2026 er same året som alle skipa som seglar i dei fem verdsarvfjordane skal vere nullutsleppsskip.

Det vedtok Stortinget for fire år sidan.

Flåm. Cruiseskip

Innan 2026 skal alle ski som seglar i verdsarvfjordane vere nullutslepp. Då kan hydrogen vere ei løysing.

Foto: Shutterstock

Det maritime klyngenettverket Ocean Hyway Cluster har sett på eit hybridskip med hydrogen i kombinasjon med vanleg drivstoff som ei moglegheit i møte med det nye miljøkravet.

– Eit slikt hybridskip er noko vi ser på som ei av løysingane i verdsarvfjordane, seier ingeniør Kristina Storegjerde Skogen.

Les også Staten vil ikkje sponse fylket med ladepunkt for hurtigbåtar

Hurtigbåt på sambandet Bodø-Svolvær. Boreal

– Ikkje ei løysing før om lang tid

Hamnesjefen i Aurland, Tor Mikkel Tokvam, trur ikkje hydrogen vil vere ei løysing for dei store cruisskipa allereie i 2026.

Tor Mikkel Tokvam, havnesjef, Flåm/Aurland

Hamnesjefen i Flåm Tor Mikkel Tokvam trur ikkje hydrogenteknologien er moden for dei store cruiseskipa innan 2026.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det er veldig bra at dei kan komme i gang med slike demonstrasjonsprosjekt. Men for næringa elles er ikkje hydrogen nokon løysing før om lang tid.

Han viser til at hydrogen er veldig energikrevjande å framstille. Ifølge han krev det mykje meir energi å framstille hydrogen, enn den energien du får igjen.

– Hydrogen kan vere ein del av løysinga fram i tid, men det er fleire flaskehalsar, seier han.

Cruiseskipsnæringa har tidlegare vore skeptisk til nullutsleppskravet, og har sagt at det er urealistisk med nullutslepp i verdsarvfjordane innan 2026.

Også Sjøfartsdirektoratet har peika på at teknologien ikkje vil vere på plass for å nå målet om nullutslepp om fire år.

Innan nyttår skal direktoratet komme med ein rapport som vurderer konsekvensane av kravet.

Sandvik i Northern Explorer forstår at cruisenæringa er skeptisk til det som kjem.

– Viss vi diskuterer dei store cruiseskipa som er i marknaden i dag, er ikkje teknologien her. Då må det heilt andre batteristorrleikar til og heilt andre hydrogenmengder til.

Les også Trur desse små cruiseskipa blir dei einaste å sjå i verdsarvfjordane i framtida

Northern Xplorer cruiseskip

Dårleg infrastruktur

– Teknologien er ikkje problemet, men det trengst betre infrastruktur for at det skal vere realiserbart, seier Skogen i Ocean Hyway Cluster.

Ho trur det kan vere mogleg å realisere hybridskip med hydrogen og fossilt drivstoff innan 2026, dersom det blir satsa meir.

Ingeniør i hydrogenklyngen Ocean Hyway Cluster, Kristina Storegjerde Skogen.

Ingeniør i hydrogenklyngen Ocean Hyway Cluster, Kristina Storegjerde Skogen.

Foto: Privat

Ei av utfordringane er nemleg at det manglar infrastruktur for å bunkre skipa, altså å fylle dei med drivstoff.

– Det er ingen reiarar som vil bygge fartøy på hydrogen utan at dei er sikra at det er ein infrastruktur.

Les også I 2019 kom det 158 cruiseskip hit – om fire år vil ingen kome

Flåm i Aurland