Hopp til innhold

Hybelvert besøkte terrorsikta

Bjørg Schei, tidlegare hybelvert til den 37 år gamle terrorsikta, besøkte familen for få dagar sidan.

Huset der den 37 år gamle terrorsikta budde

Den 37 år gamle terrorsikta irakeren hadde leiligheit og moske i dette huset i Førde sentrum.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Eg er ven med han uansett kva han har gjort, seier Schei til NRK.no.

Ein av dei tre terrorsikta budde i fleire år i Førde , og i huset som ligg i sentrum hadde 37-åringen både moske og leilegheit.

Besøk for ti dagar sidan

Bjørg Schei har kjent den sikta irakaren sidan han kom til Førde i 1999.

– Han budde i ein periode på hybel i huset og litt seinare vart det også etablert eit islamsk senter i kjellaren, seier Schei.

Bjørg Schei

Bjørg Schei kjenner den sikta 37-åringen godt.

Foto: Privat

Schei har hatt nær kontakt med mannen også etter at han flytta frå Førde for fem år sidan. Seinast for ti dagar sidan besøkte ho mannen, kona og dei to borna på eitt og tre år, då eldste son deira hadde bursdag.

– Han var hjelpsom

Schei er ufør etter at ho var innblanda i ei bilulukke i 1991 fortel at ho fekk mykje hjelp av mannen. Ho fortel at han klipte plenen, hjelpte til med småting i huset og ringde stadig på døra for å høyre om ho ville vere med på biltur.

Schei, som i dag bur på Stabekk i Oslo, stiller seg heilt uforståande til terrortiltalen mot 37-åringen.

– Han har alltid sagt at han er imot vald, og at det å ta liv er i strid med islam, seier Schei.

– Ven med han uansett

Opplysningane kom som eit sjokk på henne og ho har vanskeleg for å tru at han skal ha førebudd eit terroråtak i Norge.

– Eg er ven med han uansett kva han har gjort. Han er eit menneske, seier Schei.

Odd Hagen er eigar av huset i dag etter å ha kjøpt det av Bjørg Schei. Han stadfestar at kjellaren er brukt til moske og han har fjerna Allah-bøneord frå veggane i kjellaren.