Hopp til innhold

Husleigesjokk for pensjonistar

- Årdal kommune må skaffe seg auka inntekter andre stader enn hjå dei eldre, seier 82 år gamle Borghild Stølsbotten ved Årdal bu og omsorgssenter.

Årdal Bu og omsorgsenter
Foto: Hanne Stedje, Porten.no

Kommunen aukar husleiga ved senteret for femte gong på seks år for å få budsjettet i balanse.

- Vi synest husleiga er meir enn høg nok.

- Aldri lagt på så mykje før

Borghild Stølsbotten deler 55 kvadratmeter på Årdal bu og omsorgssenter med mannen sin. For desse kvadratmetrane betalte dei  4500 kroner i leige i år 2000, skriv Sogn Avis. Sidan den gong har kommunen auka leiga heile fire gonger, og no vil dei skru opp prisen endå ein gong.

- Dei har aldri lagt på så mykje som dei gjer denne gongen.

Verst for dei som bur åleine

For no aukar leiga med 10 prosent til 5677 kroner. Det vert i overkant av 500 kroner ekstra å betale i månaden, og det går hardt ut over dei som bur åleine.

Noko å tenkje på

Borghild Stølsbotten har skrive brev til pensjonistlaget, som vil ta opp saka og sende den videre til eldrerådet i kommunen. Håpet er at kommunen får noko å tenkje på fram til det heile skal avgjerast 14.desember.

- Heilt sjokkerte

For bebuarane ved Årdal Bu og omsorgssenter meiner behandlinga Årdal kommune har gjeve dei er urettferdig.

- Det er ingen som synest det er rett. Dei er heilt sjokkerte. Som eg skriv i brevet kunne vi ha godteke to-tre prosent. Om dei kom med 150 kroner i auke så ville det ikkje vore så sjokkerande som 516 kroner.

Forstår frustrasjonen

Ordførar Arild Ingar Lægreid forstår frustrasjonen blant dei eldre, men forsvarar forslaget om nok ein auke i husleiga.

- Eg ser på budsjettet vårt som ein heilskap, og vi har ei stor utfordring dette året med å kome i balanse. Vi ser både på inntektene og på reduksjonar i den kommunale drifta.

- Men ser du ikkje at det er ei gruppe som blir hardt råka gong på gong?

- Jau, eg ser det, og eg har forståing for det.