Hopp til innhold

Husbrann i Sogndalsdalen

Familien redda seg ut, men huset fekk store skader.

Husbrann i Sogndalsdalen
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Bebuarane kom seg sjølve ut av huset då det byrja å brenne og fekk varsla AMK om brannen.

Brukte pulverapparat

– Huseigar fekk slått brannen ned ved hjelp av pulverapparat og greidde å halde brannen i sjakk til brannvesenet kom, seier Stian Antonsen vaktleiar ved brannvarslinga.

Huset vart berga, men fekk likevel store skader i brannen.

Vert etterforska

Brannen på Uglum i Sogndal vart meldt klokka 1121 søndag føremiddag, og litt over klokka halv eitt var brannen under kontroll, i følgje politiet.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om brannårsaka, men brannen blir etterforska av Sogndal lensmannskontor.