Bustadhus slukt av flammar i natt

Påskehøgtida fekk ein dramatisk start i Vestland i natt. Berre grunnmuren står att etter bustadhuset i Gloppen. I Ullensvang brann eit ubebudd hus og ei løe ned til grunnen.

Bustadbrann på Hestenesøyra i Gloppen.

TOTALSKADD: Bustadhuset var overtent ein halvtime etter at naudetatane fekk melding om brannen.

Foto: Gloppen brann og redning

Brannen på Hestenesøyra i Gloppen vart varsla i halv totida av ein nabo.

Det budde ein mann i huset.

– Han vart sett til av helse, men var uskadd. Han blir no vareteke av ein nabo, seier operasjonsleiar hos Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.

– Flammane slo ut

Brann i bustadhus på Hestenesøyra

OVERTENT: Huset på Hestenesøyra stod ikkje til å berge.

Foto: Politiet

Det var ei tid uvisst om nokon var i huset då brannen starta.

– Naboar prøvde å ta seg inn i huset, men vart stoppa av den veldige varmen, seier vaktleiar Nina Andal ved 110-sentralen i Florø.

Brannsjef i Gloppen, Runar Kleppe, seier dei budde seg for ein brann der det var folk i huset då dei reiste ut.

– Flammane slå ut eine glaset då vi kom. Så lenge personar ikkje er gjort greie for, gjer vi det vi kan. Vi sende inn røykdykkarar og prøvde å få sløkt brannen innvendig, fortel brannsjef Runar Kleppe.

Ikkje fare for spreiing

Brannbefal Kjell Aske og brannsjef Runar Kleppe i Gloppen brann og Redning.

RYKTE UT: Brannbefal Kjell Aske (t.v.) og brannsjef Runar Kleppe passa på branntomta torsdag morgon.

Foto: Gloppen brann og redning

Etter kvart kom stadfestinga om at ingen var sakna. Brannmannskap såg også at dei måtte gje tapt mot flammane.

– Det var så mykje skade innvendig og lite att å berge, at vi tok ikkje sjansen på å utsette våre folk for fare. Då gjekk vi for ei kontrollert nedbrenning, seier Kleppe.

Hus og bygningar står spreidd på Hestenesøyra, så det var ikkje fare for at brannen kunne spreie seg.

– Den næraste bygningen var ei løe, 10–15 meter unna. Gneisteregnet stod også i retning eit nabohus kring 30 meter unna, men regnet stoppa vi med ein vasskjerm, seier Kleppe.

Murane står att

Bustadhus brann ned på Hestenesøyra i Gloppen

RUINAR: Berre grunnmuren står att etter husbrannen.

Foto: Gloppen brann og redning

Brannvesenet sende eit mannskap på nær 30 frå Hyen, Sandane og Byrkjelo. Torsdag morgon er nokre att for å passe på branntomta.

Politiet opplyser at brannårsaka førebels er ukjend.

– No står berre murane att, så vi dynkjer litt til med vatn før vi gir oss om kort tid, seier Kleppe.

Hus og løe brann ned

Like over klokka fem fekk 110-sentralen melding om brann i ein bygning på Odda i Ullensvang. Etter kort tid kunne naudetatane konstatere at både ei løe og eit eldre ubebudd hus var overtent.

– Om brannen har starta i eine bygningen og har spreidd seg, det kjenner eg ikkje til, seier Dahl-Michelsen.

Også her er det for tidleg å seie noko om brannårsak.

BRANN: Hestenesøyra ligg vest for Sandane i Gloppen kommune.