Hus nær ved å ta fyr i Fjaler
Brannvesenet rykkjer ut til Dale i Fjaler etter at det kom melding om brann i ein el-kabel utanfor eit bygg. Brannvesenet er framme på staden og er i gang med sløkking. Ifølge Jostein Steinsland Hauge i 110 Vest brann det i ein straumførande kabel, og det var nære på at eit bustadhus tok fyr. Det var ein forbipasserande som melde frå til brannvesenet klokka 10.03.