Hopp til innhold

Ellevill bodkrig varte i eit halvt år: Huset gjekk 362 prosent over prisantyding

To hus inst i Sognefjorden hamna på tvangssal. Seks månader seinare er eit bustadsal av dei sjeldne over.

Husa ligg tett i tett i naturskjønne omgjevnadar i Undredal, mellom Gudvangen og Flåm i Aurland kommune.

VERDSARV: Dei to husa ligg tett i tett i naturskjønne omgjevnadar i Undredal, mellom Gudvangen og Flåm i Aurland kommune.

Foto: Visit Sognefjord / Flåm travel

NRK rettar: I ein tidlegare versjon av saka skreiv vi at huset gjekk for 462 prosent over prisantydning. Det korrekte talet er 362 prosent.

I den vesle bygda inst i Sogn kjem det sjeldan hus til sals.

Men i sommar kom to oppussingsobjekt på tvangssal.

Prisframlegga på dei to husa var på høvevis 350.000 og 650.000 kroner.

No er det «dyraste» selt. For 3 millionar kroner, eller 362 prosent over prisantydinga.

Det skjer etter omfattande bodrundar, med mange interesserte.

– Det er fantastisk for bygda at vi får slike prisar, seier advokat Ole Rune Døskeland.

Budkrigen om to eldre hus på tvangssalg ved Aurlandsfjorden i Sogn og Fjordane har tatt helt av.

BODKRIG: Det har vore stor rift om husa i Undredal. Etter eit halvt år med bodkrig har huset til høgre fått nye eigarar. Kven som tek over det andre huset blir tidlegast klart i desember.

Foto: Fjordane eiendomsmekling

Undredal ligg mellom Gudvangen og Flåm i Aurland. Delar av vestlandskommunen er på Unesco si verdsarvliste.

Også prisen for det andre huset, som verken har innlagt straum eller vatn, har bikka 3 millionar.

Men her er siste bod framleis ikkje godteke, så her kan prisen framleis stige. Det er ikkje buplikt knytt til nokon av husa.

Dei to husa vart bygde kring 1880 og i 1923. I prospektet står det at kjøparane må rekne med omfattande renovering.

Spinnvill bodkrig

Bodrundar ved huskjøp kan vere skremmande, men i dette tilfellet har håpefulle bodgjevarar hatt høve til å trekkje pusten mellom slaga.

Sidan husa blir selde etter oppløysing av sameige, så følgjer det reglane som i eit tvangsal der bodgjevarane har hatt 14 dagar på seg til å velje om dei vil leggje inn nytt bod.

Som ein konsekvens av dette har bodrunden no vart i eit halvt år.

– At bodgjevarane har hatt god tid til å tenkje seg om, trur eg har spelt positivt inn på den endelege prisen, seier Døskeland.

Å busetje seg i landlege og fredelege omgjevnader er ein trend. Det syner prisveksten på småbruk, som har skote i vêret dei siste åra.

Det er fleire geiter enn fastbuande i bygda, så kjøparane vil få flest firbeinte naboar.

Buskapen er ein viktig del av Undredal sitt særpreg, og mjølka vert nytta i den vidgjetne Undredalsosten.

LES OGSÅ: Så lenge dei kan minnest, har undredølene følgt geitene sine til støls. Det kan sjølv ikkje koronaviruset sette ein stoggar for.

Den tradisjonelle buføringsdagen i Undredal vart ikkje stogga av korona.

Den tradisjonelle buføringsdagen i Undredal vart ikkje stogga av korona.

– Som regel dårlegare pris ved tvangssal

I område som Undredal, med få eigedomssal, kan det vere utfordrande å fastsetje verdi på bustadane.

Administrerande direktør Carl O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund trur det kan vere med på å forklare maratonbodgjevinga.

– Ofte har tvangssal ein motsett effekt på prisen, men det har openbert ikkje vore noko hindring her, seier Geving.

Han var Vestlandet rundt i sommar, og vart lamslått av naturen.

– Eg har lenge hatt Undredal som skjermsparar, ler han.