Hopp til innhold

Hus i full fyr i Fana i natt

Ei kvinne redda seg ut frå det brennenade huset på Titlestad i Fana. Brannen vart sløkt like før klokka 05.00.

Politiet fekk melding om brannen klokka 03.04 i natt.

– Når me kom fram var ei kvinne som budde aleine i huset tatt hand om av naboar, seier Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Kvinna vart sendt til Bergen legevakt i ambulanse, og er beskrive som lettare skadd

– Huset er totalskadd i brannen, seier Rebnord.

Klokka 04.49 melde brannvesenet at brannen var sløkt. Det skal ha vore fare for spreiing på eit tidspunkt.

– Det var ein del gnistregn som slo ut rundt huset, og det var byrjing til spreiing i vegetasjonen i området, men brannvesenet klarte å kontrollera det.

Årsaka til brannen er ikkje kjent. Brannvesenet held no på med ettersløkking på staden.