Hopp til innhold

Hurtigruteskip dreiv mot land

Fleire passasjerar fortel at dei opplevde motorstoggen på hurtigruteskipet "Nordstjernen" som dramatisk.

R.S Platou sleper hurtigruta Nordstjernen
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Hurtigruteskipet "Nordstjernen" vart slepa til kai i Florø i 12-tida torsdag. Skipet fekk motorstopp og hadde grunnberøring 100 meter frå land utanfor Værlandet i Askvoll natt til torsdag.

Ingen vart skadde

Ingen av dei 76 personane om bord vart skadde. Men det kunne fort gått mykje verre. Til alt hell var ein slepebåt i området.

- Dei var veldig nær land. Tilfeldigvis var slepebåten "Mjølner" på veg for å hjelpe den grunnstøytte minesveiparen i Florø, og den fekk tak i skipet praktisk tala i fjæresteinane og slepa det ut, seier redningsleiar Ben Wikøren ved hovudredningssentralen på Sola.

SJÅ VIDEO FRÅ DEN DRAMATISKE TUREN I NATT

HØYR HISTORIANE TIL PASSASJERANE

Fekk motorstogg

Hurtigruteskipet "Nordstjernen" var på ved nordover frå Bergen då ho fekk motorstogg. Med søraustleg vind dreiv ho mot land på Austneset ved Værlandet like over klokka 03 natt til torsdag. Skipet var i kontakt med botnen 100 meter frå land.

Ingen skade på skroget 

I morgontimane har det vore dykkarar nede og sett på skroget til "Nordstjernen".

- Dei såg ingen større skader på skroget, seier driftsdirektør Torkild Torkildsen i Hurigruten Group.

Vekte passasjerane

Torkildsen seier passasjerane har takla situasjonen fint.

- Utifrå dei rapportane vi har fått har det gått roleg og ryddig for seg. Alle passasjerar og alt mannskap vart vekte for å vere på den trygge sida. Situasjonen vart raskt avklara, så det roa seg fort.

Dei av passasjerarane som vil, får tilbod om å vere med hurtigruta som går nordover i natt.

Må på verkstad

Torkildsen seier "Nordstjernen" truleg vil ligge i Florø i fleire dagar.

- I første omgang må vi få avklart skadeomfanget og så må den truleg på verkstad og i dokk. 

Hurtigruteskipet "Nordstjernen" under slep til Florø.
Foto: MMS-foto: Terje Gilleshammer / NRK