Hopp til innhold

Hunden Thea er «jordmor» for kalvane

Hunden Thea er god til å hjelpe til når det kjem nye kalvar til verda, for ho har eit velutvikla morsinstinkt.

Hunden Thea steller kalvane i fjøsen. Foto: Inger-Johanne Hafstad Gjengedal.

SJÅ VIDEO: Hunden Thea steller nyfødde kalvar i fjøsen i Hyen. Foto: Inger-Johanne Hafstad Gjengedal.

Matmor Inger-Johanne Hafstad Gjengedal i Hyen i Gloppen tykkjer det er stas med den fire år gamle Golden retrieveren.

– Thea er veldig flink å hjelpe til og er utruleg omsorgsfull. Ho vaskar kalvane, held dei varme og er veldig interessert i dei, fortel ho.

Kalven på videoen fekk ein tvillingbror etter nokre timar. Den var ikkje så sprek, men i to timar låg Thea ved sida av og sleika på den og heldt den varm medan dei andre i fjøsen gjorde ferdig kveldstellet.

Likar ikkje fjøslukt

Mora til kalvane reagerer ikkje på at hunden sleikar dei reine, men det er enkelte kyr i fjøsen som ikkje er så begeistra for hunden.

– Det er vel slik det er, at nokre går godt i lag og andre ikkje. Men Thea har ein fin personlegdom og går godt i lag med mange.

Thea er eigentleg ikkje så glad i å vere i fjøset. Gjengedal trur ikkje ho likar den sterke lukta som er der.

– Ho har veldig god nase. Det går greitt no når fjøsen er frisk i lufta etter at kyrne har vore på sommarbeite, men utover vinteren er ho ikkje så begeistra.

Vil ha massasje tilbake

Gjengedal seier hunden er veldig spesiell. Og det er ikkje berre kalvar ho vaskar.

– Eg trur ho har eit stort morsinstinkt. Ho rundvaskar også oss i familien. Eg får fotvask kvar morgon.

Men hunden gjer ikkje slike tenester utan å få noko att. Når matmora sit ved bordet for å ete, set hunden seg ved sida, heilt rak i ryggen.

– Då vil hunden ha massasje av meg, ler ho.

Tidlegare var det sauer på garden og Thea visste å innynde seg blant dei også.

– Ho lag seg ned og let dyra snuse på ho. Ho vaska av og til sauene også. Det finst ikkje ilt i denne hunden, seier ho.