Human-Etisk Forbund blir nedringt om konfirmasjonar etter nytt koronaforbod

Fortvilte foreldre er bekymra for konfirmasjonsfeiringa etter Bergen kommune sitt nye forbod. Veronica Solås gjer siste finpuss før sonen sin konfirmasjon på Hjellestad.

KONFIRMASJON:

KONFIRMANT: Robin M. Solås skal konfirmerast i Grieghallen laurdag. Gjestelista måtte reduserast frå 30 til 20 gjester etter at koronaviruset braut ut.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Me har følgt alle anbefalingar. Det er me veldig glade for, seier Veronica Solås.

Ho førebur konfirmasjonsfest i naustet på Hjellestad utanfor Bergen. Sonen Robin M. Solås skal konfirmerast i Grieghallen laurdag.

– Me dekker på til to langbord ute. Så me sikrar avstanden greitt mellom gjestene, seier ho.

Konfirmasjonen dei har sett fram imot, blir ikkje helt som dei fyrst hadde sett for seg.

Bergen kommune har som den første kommunen i landet lagt ned forbod mot private samvær med meir enn 20 personar.

Frykt heile veka

Familien skulle eigentleg ha 30 gjester til bords, men etter at korona braut ut, meldte fleire utanlandske gjester avbod.

Dei hadde difor dekka på til 20 personar, allereie før forbodet kom.

– Eg slapp heldigvis å gi beskjed til folk om at dei ikkje fekk kome, seier Solås.

No er ho mest av alt letta over at Bergen kommune ikkje la opp til ein større reduksjon i talet på tillate personar.

– Eg har gått rundt med litt frykt heile veka. Frykta mi var at det kom strengare råd eller påbod om å gå ned til fem personar, for eksempel. Sånn sett blei eg veldig letta, seier Solås.

FORBEREDELSER:

FØREBUING: Familien skulle eigentleg ha 30 gjester til bords, men etter at korona braut ut, meldte fleire utanlandske gjester avbod.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid

Et skred av telefonar

Den nye forskrifta førte til eit skred av telefonar til Human-Etisk Forbund (HEF).

Mange lurar på korleis forbodet påverkar konfirmasjonsplanane deira.

– Seremonien kjem til å bli gjennomført og det er fullt lovleg. Den kjem til å bli like fin som den alltid er, seier seremonileiar Grete Lien i Human-Etisk Forbund.

Totalt skal 80 konfirmantar i elden i Grieghallen på laurdag.

Det vil ikkje vere meir enn 200 personar til stades, som framleis er grensa for et arrangement på offentleg stad.

Blir strøyma direkte

Konfirmantane må sitte éin meter frå kvarandre, og får berre ha éin gjest kvar med seg. Seremonien blir strøyma slik at venner og familie kan følge med heimanfrå.

Ho håpar at alle har fått med seg anbefalingane frå Folkehelseinstituttet (FHI), før forbodet kom.

– Det har jo vore et råd om maks 20 personar, så vi får inderleg håpe at det ikkje er fleire inviterte, seier Lien.

Solås er blant foreldra som må følgja seremonien digitalt.

– Det har me innfunne oss me. Eg skal følgja sendinga digitalt i lag med resten av selskapet her i naustet. Me har valt å gjera det på denne måten, og det skal gå greitt.

Robin M. Solås er glad for at konfirmasjonen endeleg blir gjennomført.

– Det blir litt annleis og rart med så folk, seier han.

SPRIT:

GLITTER: Flaska med handsprit har fått pynt: – Vi må sprite opp spriten med litt bling, seier Solås.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid

Avlyste fadderveka

Bakgrunnen for forbodet er at det denne veka blei påvist 12 nye tilfelle av smitta med covid-19 Bergen kommune.

Tysdag fekk ein student ved Universitetet i Bergen påvist covid-19.

Studenten hadde delteke på fadderarrangement i Nygårdsparken i lag med fleire hundre andre dagen i førevegen.

Onsdag avlyste UiB alle kveldsarrangement og HVL la ned forbod mot bruk av alkohol under fadderarrangement.

Den etterfølgjande natta opplevde politiet ei tredobling i talet på festbråk.

– I Bergen har me diverre sett, spesielt denne veka, at rådet om maks 20 på festar og sosiale samkomer, ikkje blir følgt, sa byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) då han presenterte den nye forskrifta fredag føremiddag.

Roger Valhammer foran bord med mikrofoner

FORBOD: Byrådet i Bergen forbyr private samkomer med over 20 personar.

Foto: Helena Viktora Johnsen / NRK

Status Norge

Sist oppdatert: 24.09.2020
778
Siste uke
24
Innlagt
270
Døde