Hopp til innhold

Hudflettar Stig Eikaas

Kunstnaren og Bergens Tidende-fotografen Oddleiv Apneseth gir både kunstnaren og personen Stig Eikaas i det glatte lag.

Oddleiv Apneseth Foto: Ravindra Seneviratne

Eikaas har ein 'sjølvsrytande, egoistisk framtoning på skingrande oslomål, prega av aggressivitet og hån overfor spørsmålsstillarar og kritikarar', skriv Apneseth.

Foto: Ravindra Seneviratne

Eikaas planleggjer skulpturpark i Sogndal

”Ein uvanleg aktiv oslomann er på ferde igjen. Med sin utøyelege energi tilverkar han stein og betongfigurar som skal likne heil- og halvberømte menn. At han i slik grad har lukkast med å få plassert desse klumpete og slett utførte kladeisane sentralt i bukonsentrasjonar som vil kalle seg buar og tettstader av verdi i Sogn og Fjordane, er imponerande”.

Slik innleiar den anerkjende og prisløna kunst- og pressefotografen eit lesarinnlegg i avisa Firda der han tek eit oppgjer med Eikaas.

Eikaas går til motangrep på Apneseth

Kunsten sprer seg

Kunstnaren som på få år har fått sett opp omstridde skulpturar gjennom Gjest Baardsen-statuen i Sogndal Sogndal, Kong Sverre-statuen på Leikanger, heksemonumentet i Gloppen og i Torsheim-statuen i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjarne Huus (til venstre) og Oddvar Torsheim.
Foto: Eivor Brandseth / NRK

”Når denne mannen i tillegg har ein sjølvsrytande, egoistisk framtoning på skingrande oslomål, prega av aggressivitet og hån overfor spørsmålsstillarar og kritikarar, burde ein naturleg skepsis ha vakna blant nøkterne fjordingar. Men tvert imot. Stig Eikaas ser ut til å vinne alle duellar han utfordrar til”, skriv Apneseth.

Stig Eikaas, som er son av den meir anerkjende Jølster-kunstnaren Ludvig Eikaas, arbeider no med to ulike skulpturparkar i Sogn og Fjordane. Den eine opnar på Byrkjelo 24. mai i år, den andre er han i dialog med kommunestyret i Sogndal om.

Negativ kritikk

Trass i til dels svært negativ kritikk av kvar einaste skulptur han avdukar, får Eikaas stadig nye oppdrag i fylket. I innlegget sitt etterlyser Apneseth sterkare ombodsmenn for utsmykkinga i Sogn og Fjordane.

”Administrasjonane i kommunane, kultursjefar og media ter seg som om dei var makteslause. Taparen er kvaliteten på kulturlivet i Sogn og Fjordane. Skulpturell utsmykking av våre fellesareal er identitetsbyggande. Det er eit vart og tøyeleg omgrep som bør handterast ut ifrå ein heilt annan mentalitet og kvalitet enn den Stig Eikaas står for. Blant faktorane som kan snu utflyttingsstraumen frå fylket er behovet for ei kompetent tolking av samtida, eit offentleg miljø ein kan trivst i. Og vere stolt av”, skriv Apneseth.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.