Kaptein Jan Nessa mista jobben etter at HSD meinte han handla uaktsom då hurtigbåten Baronessa gjekk på land for to år sidan.
Rederiet meinte Nessa hadde skuld i ulukka fordi han ikkje hadde senka farten tilstrekkeleg då båten nærma seg land.
Det var politi og påtalemakt samd i, og gav Nessa ei bot på 10.000 kroner. Nessa vart frikjend i staffesaka i Sunnhordland Tingrett, men funnen skuldig i lagmannsretten.
Fekk sparken
HSD gav Nessa sparken, og Nessa gjekk til arbeidsrettsak mot reiarlaget. I den saka har han vunne i to instansar, og fekk for ein månad sidan jobben attende ved dom i Gulating lagmansrett.
- Systemet hengte seg opp
Fleirtalet i lagmannsretten, tre av fire dommarar, meinte at Nessa hadde forsøkt å setja ned farten før han nærma seg land, men at det elektroniske manøvreringssystemet hadde hengt seg opp.
Det er denne dommen HSD no vil prøva for Høgsterett.