Sjå også:
· Videoar frå UKM 2003
Av Jostein Nyfløtt.
– UKM-foto: Øyvind Berge.
I tre veker har vi sendt innslag frå mønstringa på P1. I tillegg kan du høyre innslaga her på internett. Alle innslaga er laga av Idun Husabø Anderssen.
Fredag 4. april
kunne vi møte to 19 år gamle latinamerikanske ungdommar frå United World College i Flekke. Simaira Angulo Veloz frå Venezuela og Luis Martinez frå Colombia framføre den spanske kjærleikssongen "Me questa tanto olvidarte" ("Eg prøver å gløyme deg").
Torsdag 3. april.
presenterte vi to deltakarar frå Ungdommens kulturmønstring. Ingrid Schei Stuhaug frå Naustdal spelte slåtten "Ola va long" på hardingfele.
Maria Dalsbø på 15 år frå Stad på Selje song saman med Leif Magnus Myren på 17 år "Where the Wild Roses Grow".

Atropa frå Lærdal
Onsdag 2. april.
Gruppa Atropa frå Lærdal var blant dei som spelte sjølvlaga musikk på Ungdommens kulturmønstring. Vår reporter prata med to av medlemmane i gruppa, Marita Vangen Bratteteig på 15 år og Jonas Selås Olsen på 16 år.

Tysdag 1. april
fekk vi høyre pianisten Ragnhild Stav frå Stav i Fjaler kommune. Ho er 15 år gammal og har drive med musikk halve livet sitt. På fylkesmønstringa framførte ho eit preludium av Sergej Rachmaninov.
Måndag 31. mars
møtte vi 17 år gamle Håkon Njøten og Henrik Tveit på 18 år. Gutane kjem frå Gulen og har spela gitar i 1/2 og 1 1/2 år. Dei framførte tre nummer på Ungdommens kulturmønstring.
Høyr Håkon og Henrik frå Gulen
Fredag 28. mars
Henriette Kobberstad på 15 år spelar piano og Lene Kobberstad på 18 år syng. Jentene kjem frå Hornindal og er syskenborn. På kulturmønstringa framførte dei Jewel-låta "Foolish game".
Høyr Henriette og Lene Kobberstad
Torsdag 27. mars

15 år gamle Eirin Ask Nyheim er frå Bremanger. Ho er ein av veteranane i Ungdommens kulturmønstring. Her framfører ho "The Crack of Dawn", og det er ho som står for både fløyte og vokal. Norvall Klungresæter frå Bremanger kommunale musikkskule kompar på gitar.
Høyr Eirin Ask Nyheim frå Bremanger
Onsdag 26. mars
Hip-Hop på nynorsk er nybrotsarbeid! Pål José Myklebust er 19 år og kjem frå Eid. Han er ein av dei få som driv med hip-hop i Sogn og Fjordane, og sikkert ein av svært få i landet som framfører hip-hop på nynorsk.
Høyr Pål José Myklebust med Hip Hop på nynorsk
I tillegg kunne du denne dagen møte Årdals-gruppa Lux a eterna. Dei spelte "Purple fly", ei låt dei har laga sjølv. Medlemmane i gruppa er i alderen 16 til 18 år og desse ungdommane har spela saman sidan i haust.
Tysdag 25. mars

Vidar Melby
slo vi òg til med to reportasjar frå UKM2003. Vi fekk høyre ein av dei yngste deltakarane på årets kulturmønstring i Sogn og Fjordane. Vidar Melby frå Vågsøy er ikkje skvetten trass i sin unge alder. På kulturmønstringa framførde han to songar og sjarmerte publikum i senk.
Høyr 10 år gamle Vidar Melby frå Vågsøy
Jennifer Peach er namnet på eit nesten nystarta band frå Florø med fem ganske røynde medlemmer i alderen 17-19 år. Dei framførte den sjølvlagde låta "A Better Life" i Førdehuset, og etterpå slo dei av ein prat med vår utsende reporter.
Måndag 24. mars
kunne vi møte Stian Aas Nundal og Kristoffer Fretland Øygarden frå Øvre Årdal. Dei spelet Gershwin-låta "Summertime", som dei sjølv har arrangert for bass og saksofon.

Høyr Stian Aas Nundal og Kristoffer Fretland Øygarden
Fredag 21. mars
Toradargruppa "Småbokkane" frå Aurland var gjestar fredag ettermiddag. Gutane i gruppa heiter Terje, Ørjan, Aleksander og Kristoffer. Alle er 11 år, og dei deltok på kulturmønstringa for første gong.
Høyr Toradargruppa Småbokkane frå Aurland

Kapasitetsanalyse
Torsdag 20. mars
Bremangergruppa "Kapasitetsanalyse" består av fire gutar i alderen 16 til 19 år. Dei framførte låta "Flowers" som dei har skrive sjølv.
Høyr Bremangergruppa Kapasitetsanalyse
Onsdag 19. mars
fekk vi møte 12 år gamle Karina Hjartåker frå Askvoll som framførte eit dikt ho har skrive sjølv.
Høyr 12 år gamle Karina Hjartåker frå Askvoll
I tillegg kunne du høyre to unge jenter frå Hornindal framføre Jewel-låta "Foolish game", – Høyr Henriette og Lene Kobberstad.

Børge Vatlestad imponerte både med eigenskriven musikk i lag med bror Mats og i samspel med Tone Damli Aaberge. Foto Jostein Nyfløtt © NRK.
Tysdag 18. mars
fekk vi møte tre unge sogndøler. Brørne Børge og Mats Vatlestad framførte stykket Ballade på synth og piano, og Tone Damli Aaberge song The Moon is a Harsh Mistress.
Høyr Brødrene Børge og Mats Vatlestad og Tone Damli Aaberge.
Måndag 17. mars
presenterte vi dei som får gå vidare til landsmønstringa i Trondheim.
Her kan du sjå meir om dei som vart plukka ut til landsmønstringa.
.

Ein serie på 80 bilete tekne av Øyvind Berge for UKM finn du her:
.
Lyd og video
- Høyr UKM-reportasjen 17.mars
- Høyr Brødrene Børge og Mats Vatlestad og Tone Damli Aaberge.
- Høyr 12 år gamle Karina Hjartåker frå Askvoll
- Høyr Henriette og Lene Kobberstad
- Høyr Bremangergruppa Kapasitetsanalyse
- Høyr Toradargruppa Småbokkane frå Aurland
- Høyr Stian Aas Nundal og Kristoffer Fretland Øygarden
- Høyr 10 år gamle Vidar Melby frå Vågsøy
- Høyr møtet med Jennifer Peach
- Høyr Lux A Eterna frå Årdal
- Høyr Pål José Myklebust med Hip Hop på nynorsk
- Høyr Eirin Ask Nyheim frå Bremanger
- Høyr Henriette og Lene Kobberstad
- Høyr Håkon og Henrik frå Gulen
- Høyr Ragnhild Stav
- Høyr Atropa frå UWC
- Høyr Leif Magnus og Maria
- Høyr Ingrid Schei Stuhaug
- Høyr Simaira og Luis