Hopp til innhold

Kamilla (22) tok opp lyd av jordskjelvet: – Sjeldan og veldig kult

Då Kamilla Strømmen (22) vakna måndag morgon hadde ho lyd av det kraftigaste jordskjelvet i Noreg på 33 år.

Kamilla Strømmen.

SPENNANDE: Kamilla Strømmen syns først det var både ekkelt og spennande å oppleve jordskjelv heime i Askvoll.

Foto: Privat

Klokka 06.32 måndag morgon vart det kraftigaste jordskjelvet sidan 1989 registrert i Nordsjøen.

Episenteret var 138 kilometer vest for Florø, mellom Stad og Færøyane. Der vart det målt 4,7 på Magnitude-skalaen.

På kysten av Vestlandet, i Askvoll, vakna Kamilla Strømmen brått av lyden frå døra og senga som rista.

– Først var det litt ekkelt og eg vart redd. Men så var det sjukt spennande.

Men det var ikkje berre 22-åringen som vakna. Nokre dagar tidlegare hadde ho lasta ned appen «Sleep Recorder» for å ta opp lyd når ho snakka i søvne.

Ristinga i huset gjorde at appen begynte å ta opp lyden av jordskjelvet:

Høyr lyden av jordskjelvet

Sjeldan opptak

Ifølge jordskjelvekspert og professor ved Universitetet i Bergen, Mathilde Bøttger Sørensen, er opptak av jordskjelv sjeldne.

Eg har ikkje opplevd at me har hatt opptak av jordskjelv før, så det syns eg er veldig kult å høyra.

Professoren seier lyden på opptaket til Kamilla er typisk for norske jordskjelv. Ifølge ho er det vanlegare å høyre jordskjelva enn å kjenne dei.

Likevel finst det få lydopptak av jordskjelv, også frå rundt om i verda.

– Ein veit aldri når eit jordskjelv vil skje, så ein skal ha ein del flaks for å få det på opptak.

Mathilde Bøttger Sørensen

EKSPERT: Mathilde Bøttger Sørenser er professor og jordskjelvekspert.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Relativt ufarleg

Sjølv om jordskjelvet er det sterkaste i Noreg på 33 år, understrekar Sørensen at det var lite i ein global samanheng.

– Det er relativt ufarleg. Har du eit skjelv på denne storleiken rett under svake bygningar så kan du sjå nokre mindre skadar.

I dette tilfellet var episenteret djupt og langt ute i havet, og gav ingen risiko for skadar på land, ifølge professoren.

– Huset ditt toler jo ein kraftig storm og det vil ofte vera ei større påkjenning på Vestlandet enn jordskjelv.

Venta fleire jordskjelv

Større jordskjelv fører ofte fleire skjelv i timane og dagane som følger.

Sørensen seier det er minimal risiko for at skjelva som kjem no er på same storleik, eller større som det vestlendingane kunne oppleve måndag.

– Etterskjelv er som oftast mindre enn hovudskjelvet, men me vil nok kunne registrere fleire små skjelv dei neste dagane, seier ho og viser til nettstaden skjelv.no. Der har ein har oversikt over alle registrerte jordskjelv i Noreg og verda.

Nøyaktig når neste jordskjelv kjem kan verken Sørensen eller andre jordskjelvekspertar slå fast.

– Det er sjølvsagt ein spesiell hending når det skjer, men det skjer ikkje ofte. Det er i alle fall ikkje noko ein treng å uroe seg for, seier professoren.

Jordskjelvet i Nordsjøen mandag morgon blei registrert på fleire av målestasjonane til forskningsstiftelsen NORSAR.

SYNLEG: Jordskjelvet i Nordsjøen måndag morgon blei registrert på fleire av målestasjonane til forskingsstiftelsen NORSAR.

Foto: NORSAR / NTB