Hopp til innhold

Høyr klima- og miljødebatten direkte

SOGNDAL (NRK): Flaumane og stormane kjem sterkare og oftare i fylket, men kva kan dei stakkars lokalpolitikarane våre gjera med den globale klimakrisa? Det blir det direktesendt valdebatt om på NRK Sogn og Fjordane i dag.

Miljødebatten

NVITERER TIL KLIMADEBATT: Høyr den direktesendte debatten om lokalpolitikk og klima på NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vallogo

Høyr debatten direktesendt i NRK Sogn og Fjordane frå klokka 15 til 16.

– Har klima- og miljødebatten saker med klar lokal interesse?, spurde høgskulebyråkrat og samfunnsdebattant Georg Arnestad, då han såg temaet for valdebatten tysdag.

Det skulle vera nok å seia Engebø, gruvedrift og fjorddeponi, så blir sterke kjensler i sving. Utrekningar viser dessutan at kommunestyra og fylkestinga sit med nøkkelen til å kutta utsleppa av klimagassane, fordi dei mest effektive tiltaka vil vera innan transport, avfallshandtering, bygg og landbruk.

– Det gir gode grunnar til å utfordra lokalpolitikarane våre på dette, seier ordstyrar Noralv Pedersen, som har invitert politikarane til direktesendt valdebatt frå kantina i Høgskulebygget i Sogndal i dag.

Kva skal fylket leva av?

Sogn og Fjordane kjenner endringane i klima og miljø på kroppen. Flaumane og stormane kjem sterkare og oftare til fylket. Mange meiner det våtare og villare vêret skuldast utslepp av klimagassar som menneska står ansvarleg for.

Men skal omsynet til miljøet og klimaet vega tyngre enn behovet for nye arbeidsplassar – i eit fylke med svak folketalsutvikling og ein sterk trong for nye livskraftige verksemder?

– Eit anna spørsmål som debatten forhåpentlegvis skal gi svaret på, er kva som eigentleg er skilnaden i politikken mellom dei partia som sjølve titulerer seg som «miljøparti»: SV, Venstre og Miljøpartiet dei grøne, seier Pedersen.

Menn med skjegg

Debattleiaren kan lova at det ikkje blir ein einaste middelaldrande mann med skjegg i panelet:

– Derimot kjem det ein ung kar frå Florø, som er mest utan hår, smiler Pedersen, som ikkje vil nemna namn.

Deltakarane i debatten er kommune- og fylkespolitikarar som vil vera dei siste som kan bidra til at Norge når utsleppsmåla sine for 2020:

  • Frank Willy Djuvik, fyrstekandidat til Fylkestinget og ordførarkandidat i Flora (Frp)
  • Noralv Distad, fyrstekandidat til Fylkestinget og ordførar i Aurland (H)
  • Hilmar Høl, fylkesleiar (Ap)
  • Karen Marie Hjelmeseter, fylkesleiar (Sp)
  • Trude Brosvik, fyrstekandidat til Fylkestinget (KrF)
  • Marianne Øren, andrekandidat til Fylkestinget (V)
  • Jakob Andre Sandal, fyrstekandidat til Fylkestinget (SV)
  • Stein Malkenes, fylkestopp (Miljøpartiet dei grøne)