Under storflaumen på Vestlandet i oktober, blei store deler av infrastrukturen riven bort, fleire hundre blei evakuerte, mange mista husa sine og over tusen eigedomar blei skadde.
LES OGSÅ: Alt om Oktoberflaumen 2014
I Hordaland fekk særleg Odda og Voss kjenne på kor store skader ein flaum kan gjere.
– Det er spesielt når alle dei du ser blir intervjua er folk du kjenner. Vanlegvis skjer slikt andre stader og rammar andre folk, men dette var altså dalen min og mitt barndomslandskap som vart delvis rasert og delvis fór på elva, sa Frode Grytten til NRK i november.
Han skreiv diktet «Den rasande elva». I videovindauget øvst i artikkelen kan du sjå bileta frå flaumherjingane, og høyre diktet til Grytten.
LES OGSÅ: