Hopp til innhold

Høyr Fjord1-toppane hamre laus

– Behandlinga vi har fått går langt over streken, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland om kvifor han trekkjer seg frå Fjord1. – Så utilfredsstillande at vi ikkje har noko val. Vi må gå, seier styreleiar Reidar Sandal.

Dagfinn Neteland og Reidar Sandal

SVÆRT KRITISKE: Dagfinn Neteland og Reidar Sandal er ikkje nådige i sin kritikk av salsprosessen. Høyr intervjua lenger nede.

Foto: Grete Roska / NRK

Styreleiaren og den administrerande direktøren i Fjord1 har også tidlegare vore klare i sin kritikk mot toppane i fylkeskommunen etter salsprosessen som har pågått i over eitt år.

Men i dag, etter at dei offentleggjer at dei trekkjer seg, tek dei verkeleg bladet frå munnen, og kjem med svært sterk kritikk mot fylkeskommunen som eigar.

På spørsmål om han føler styret og administrasjonen i Fjord1 er teke på alvor i prosessen der fylkestinget har vedteke at selskapet blir seld til Torghatten, svarar administrerande direktør Neteland dette:

– Overhodet ikkje. Og når Jenny Følling og Trude Brosvik i dag går ut i Firda og er lei seg for at det ikkje vart ein fusjon med Norled, då er komikken fullkommen. Både eg og Reidar Sandal heldt på å mista jobben då vi lanserte ei utgreiing av eit fusjonsforslag med Norled. Eg må berre seie det. Komikken er fullkommen.

Kritikk langs fleire spor

For det første meiner dei at styret og administrasjonen ikkje har blitt teke på alvor, og at fylkespolitikarane ikkje har lytta til dei.

– Vi har prøvd å få fram våre synspunkt. Eit foreiningsstyre har sterke rettar etter aksjelova til å framme sine synspunkt. Eg viser til at det måtte kampvotering til i fylkesutvalet for at vi fekk kome til, det fortel vel litt om situasjonen. Og av 9 medlemmar var det 4 som meinte at vi skulle få komme å gjere greie for våre vurderingar, og det fortel vel alt om kor tilspissa det har vore, seier Sandal.

For det andre er dei svært kritisk til behandlinga av minoritetseigar Havilafjord. Per Sævik og Havilafjord har varsla at dei meiner forkjøpsretten gjeld, sjølv om fylkeskommunen sel gjennom Holdingselskapet F1 Holding. Sævik har varsla at han vil ta saka til Høgsterett om naudsynt.

– Havilafjord har varsla at dei vil gå rettens veg for å prøve dette vedtaket. Det vil og vera skadeleg for Fjord 1 over tid, seier Sandal.

For det tredje er dei kritiske til å selje til ein konkurrent, spesielt i ei tid der Fjord1 har vist til gode resultat og gode prognosar for dei neste åra.

– Fjord 1 går betre enn nokon gong, vi tener pengar, vi kjem til å levera betydelege overskot i åra som kjem, og i denne situasjonen har vi meint at vi hadde gode mogelegheiter til å utvikla selskapet vidare. Når ein vel å selje til den store konkurrenten så blir desse mogelegheitene vesentleg endra. Det tar vil til etterretning, men vi kan ikkje sitte i ro og sjå på det. Vi vil ikkje vera med på den seilasen, seier Sandal.

Følling: – Tillit til styret

Fylkesordførar Jenny Følling, som representerer majoritetseigaren i Fjord1, fylkeskommunen, gav i eit intervju tidlegare i dag, før NRK snakka med Neteland og Sandal, skryt til Fjord1-styret.

– Eg tek avgjerda deira til etterretning. Eg har hatt tillit til styret, og rosar dei for ein god jobb for å rette opp og levere gode resultat for Fjord1, seier ho til NRK.

– Det vedtaket de gjorde om sal kan vel vanskeleg oppfattast som noko anna enn ein direkte mistillit mot styret i Fjord1 og administrerande direktør?

– Styret har hatt tillit, og har gjort ein god jobb. Fylkestinget har handsama eigarspørsmålet.

– Dei kjem med krass kritikk for måten det har handtert mange aspekt av denne saka på?

– Vi må ta avgjerda deira til etterretning og handtere saka deretter, seier fylkesordføraren.

– Tar du på nokon måte sjølvkritikk for måten fylkeskommunen har handtert denne saka?

– Fylkestinget har tatt ei avgjerd, og den avgjerda lyt fylkeskommunen stå for.