Hopp til innhold

Ser mot Sogn når dei posisjonerer seg før dei varsla kommunesamanslåingane

Svært få i Høyanger ønskjer å bli med i ein storkommune med Førde og Sunnfjord, seier ordførar Petter Sortland. I staden ser innbyggjarane i kommunen innover fjorden mot andre sogningar.

Petter Sortland

MOT SOGN: Høyanger-ordførar Petter Sortland er klar på at dei ser mot Sogn når dei skal posisjonere seg med tanke på kommunesamanslåing i åra som kjem.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

12 kommunar i Sunnfjord og ytre Sogn er inviterte med til å greie ut kommunesamanslåing i regionen.

Men i Høyanger veit dei kva dei vil. Ordførar Petter Sortland er klar på at folk i Høyanger mykje heller vil slå seg saman med Balestrand, enn å bli veslebror i eit samarbeid i HAFS eller Sunnfjord.

– Dette handlar om identitet, og vi er sogningar, seier Sortland.

Fryktar storkommune i Sunnfjord

I haust var Ap-ordføraren på gjestevisitt i Sogn regionråd, og sist veke bestemte kommunestyret seg. Sortland og kommunestyret sa då ja til regionrådet i Sogn, og nei til rådet i Sunnfjord, også kalla SIS.

Eit av argumenta for å melde seg inn att i Sogn regionråd, er å posisjonere seg før dei varsla kommunesamanslåingane.

– Det er svært få i Høyanger som ønskjer å bli ein del av ein storkommune i Førde eller Sunnfjord-området.

– Hadde vi frivillig meldt oss inn i SIS, så trur eg vi fort ville ha kome inn i ein storkommune som det hadde blitt vanskeleg kome seg ut av, seier Høyanger-ordføraren.

Den blå regjeringa vil ha færre kommunar

Med ei blå regjering tyder alt på at det om få år vil vere færre kommunar i Norge.

I regjeringsplattforma til Frp og Høgre går det tydeleg fram at partia vil slå saman kommunar for å styrke tilboda i kommunalsektoren.

– Det handlar om å flytte makt nærare folket, gjennom kommunar som er i stand til å forvalte ansvaret og som greier forme ut tenester til innbyggjarane, sa Solberg sjølv under regjeringsforhandlingane.

Vil vere herre i eige hus lengst mogleg

At resultatet vil bli ei omfattande kommunereform har Høyanger-ordførar Petter Sortland teke inn over seg.

Med innmeldinga i Sogn regionråd er Balestrand ein langt meir attraktiv partnar, og det er nettopp ei samanslåing innover i Sognefjorden som vil vere det beste for Høyanger, meiner han.

– Med å melde oss inn i Sogn regionråd seier vi noko om kor vi høyrer heime. Det er også slik at vi har større sjanse til å vere herre i eige hus, mykje lenger enn om vi hadde vore del av eit regionsamarbeid i Sunnfjord, seier Ap-politikaren.

Velaug Veum og Arnstein Menes

FLEIRE: Det er fleire moglege alternativ, seier Arnstein Menes som er fungerande ordførar i Balestrand.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Er tankegangen at ein slepp å bli veslebror i ein storkommune med Førde, men heller blir storebror i ein kommune med Balestrand?

– Det er ikkje heilt utenkjeleg å tenkje den tanken, vedgår Sortland.

Ser på fleire alternativ

Heller ikkje i Balestrand er fungerande ordførar Arnstein Menes framand for den tanken.

– Vi har eit godt samarbeid med Høyanger i dag på fleire felt, og det er kanskje den kommunen som ligg nærast for oss, seier han.

Men med det som kan bli faste halvtimesavgangar på ferjesambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes frå 2016 kan òg andre storkommunepartnarar bli attraktive for Balestrand, seier Menes.

– Det er klart av ei utvikling av ferjetilbodet mot Leikanger kan gjere det mogleg med fleire alternativ. Vi held døra open for fleire moglegheiter, og følgjer prosessane tett, seier Menes.

Vil helst stå åleine

Både Menes og Sortland strekar under at dei aller helst ønskjer at Balestrand og Høyanger skal bli verande sjølvstendige kommunar og meiner at dei kvar for seg gir innbyggjarane gode tenester i dag.

Men dei to ser at eit nytt kommunekart vil bli teikna i åra som kjem, og Balestrand kjem ikkje til å avise Høyanger som eit av fleire moglege samarbeidsalternativ, seier Menes.

– Nei, absolutt ikkje. Vi har hatt ei runde i formannskapet der vi såg at dette er eit tema som vi må sjå på i løpet av neste år. Og vi er klare for den debatten.