Hopp til innhold

Hovudstraumlinja i Lærdal øydelagd – ventar ti minusgrader fredag

LÆRDAL (NRK): Hovudstraumlinja inn til Lærdal er øydelagd, ordføraren fryktar konsekvensane med kommande kuldeperiode dersom ein ikkje får sikra ei stabil straumforsyning. Samstundes avviser Lærdal Energi at det er straumkrise.

Strømproblemer i Lærdal

STRAUM: Lærdal Energi jobbar i eitt med å få på plass nok og stabil straumforsyning til Lærdal.

Foto: Marius Arnesen / NRK

– Det er skremmande viss det skjer. Vi har tre grender utan straum, og Fodnestunnelen på riksveg 5 er framleis utan lys. Det er trong for ganske høgt straumforbruk i dagane som kjem, og den kapasiteten har vi ikkje, seier Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim.

Kommunen ber no Forsvaret om å fly inn ein mellombels trafo frå Hammerfest.

– Det ser ut som det er verre enn kva ein først trudde, seier Solheim

Det er gjort undersøkingar for å finne eit koplingsanlegg som passar til anlegget i Lærdal.

– Det er litt spesielt, dette. Det er meir spesielt enn ein først trudde. Det ser ut som det næraste koplingsanlegget er i Hammerfest, seier Solheim.

Lærdal Energi: – Ikkje krise med straumen

Kraftselskapet i Lærdal er hardt ramma av katastrofebrannen, men avviser at problema er så store som det kunne verka gjennom media i dag tidleg.

– Det er ikkje krise med straumen i Lærdal, seier dagleg leiar Per Gullaksen i Lærdal Energi til NRK.no.

Gullaksen fortel at det heilt sidan brannen natt til søndag har vore jobba med fleire alternativ samstundes. Rapportane om større problem med hovudstraumlinja til Lærdal skuldast at kraftselskapet tok kontakt med kommunen si kriseleiing om eitt av alternativa som no blir vurdert.

– Det er ikkje verre enn det var, og dette med transport av utstyr frå Hammerfest som kom ut i media no er eit av alternativa vi har jobba med, seier Gullaksen.

Han seier også at dei ikkje har gjeve opp å reparere hovudlinja fordi koblingsanlegget ikkje er heilt utbrent.

Samstundes er det fleire som ikkje har fått straumen tilbake. Kraftselskapet ber folk halde tilbake på bruken av straum. Fleire store verksemder er bedne om å ikkje skru på ventilasjonsanlegg.

Lærdal Energi håper å ha på plass ei løysing som er fullgod for å kunne levere nok straum i Lærdal i løpet av dagen. Kraftselskapet jobbar med ei ekstra linje inn til Lærdalsøyri, og at folk då kan leve som normalt.

Større skadar enn kva ein først trudde

Brannen som tok til seint laurdag kveld har utradert 17 bustadhus, tre garasjar og nokre uthus. Også 10–12 lagerbygg og andre bygningar gjekk med i brannen.

Den intense brannen øydela også 13 av Telenor sine basestasjonar, noko som har gitt store utfordringar når det gjeld kommunikasjon i bygda. Fleire har no fått att mobildekninga.

Skadane på straumnettet blei tysdag morgon omtalt av kommunen som større enn kva ein først trudde. Det sentrale knutepunktet for e-verksanlegget var midt i brannområdet, og vart råka i brannen.

Per Gullaksen

IKKJE KRISE: Dagleg leiar Per Gullaksen i Lærdal Energi avviser at det er krise med straumen i Lærdal etter brannen.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Fleire naudaggregat frå Sivilforsvaret og lokale energiselskap har ført til at fleire har fått att straumen, men likevel er det mange som framleis ikkje har straum.

Strøm og mobiltrøbbel i Lærdal

MOBIL: Også mobildekninga har hatt problem, men det er no sett opp mobile basestasjonar.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Blir kjøligare seinare i veka

Lærdal kommune har no bedd Forsvaret om hjelp for å få floge inn eit stort aggregat.

– Det vert jobba med det no. Det er tunge greier. Vi snakkar nok om eit Hercules-fly for å få til dette, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Jan Geir Solheim, ordfører Lærdal

FRYKTAR KULDA: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, fryktar kulda om ikkje straumen blir stabil igjen.

Han understrekar at det hastar å få dette gjort.

Klarar ikkje å lage nok straum

– Vi har fått inn stor kapasitet på aggregat. No har vi ein situasjon der vi har ei kuldegrad og vind, fortel Solheim.

Men han fryktar at situasjonen vert ein heilt annan dersom gradestokken på fredag syner tosifra tal minusgrader.

For at den straumforsyninga ein no har på plass, skal halde til flest mogleg, har ein redusert straumforbruket på ein del kommunale bygg, på Villakssenteret samt den seks kilometer lange Fodnestunnelen.

– Vi har tre grender utan, men enno har vi ikkje nok kapasitet til dekkje alle som er utan straum med dei aggregata vi har, seier Solheim.

Må ha på plass stabil løysing

Han fryktar kva som vil skje når kvikksølvet kryp ytterlegare ned, og trongen for straum vert endå større.

– Når folk må ha meir straum til oppvarming, så aukar forbruket. Vi er avhengige av å få på plass ei stabil løysing. Då er det koplingsanlegget som er ute som er ein avgrensande faktor, seier Solheim.

Ein trur at dersom ein får erstatta det øydelagde koplingsanlegget med eit tilsvarande, så vil ein få løyst straumproblemet slik at forsyninga vert meir stabil.