Rettssaka om det som skjedde i OK-Fish omfattar ein av dei største svindelsakene i Noreg nokon sinne. Ei rekkje vitne blir førte frå begge sider, men det er først og fremst tre personar det vil handle om.
Jarle Kvalheim
52-åringen bygde opp OK-Fish Kvalheim gjennom ti år, og kunne framvise stadig betre resultat. Samtidig framstod han som ei samfunnsstøtte i Vågsøy-samfunnet, og la for dagen sterke meiningar om det meste. I eitt år har han avvist alle forsøk på intervju frå media om forholda han er tiltalte for. Neste veke må han snakke i retten.
Per Kjetil Stautland
Forsvarsadvokaten frå Nordfjordeid har med seg kollegaen Reidar Blom i retten. Stautland har kritisert Økokrim for å tolke utsegner frå Kvalheim tok tilståingar, og vil kjempe det han kan for å gjenopprette æra til klienten. Han vil truleg også kritisere skattestyresmaktene for at dei ikkje stoppa svindelen før.
Petter Nordeng
Førstestatsadvokaten frå Økokrim har følgt OK-Fish-saka frå første dag. Til rettssaka i Førde har han med seg to medhjelparar. Nordeng har i utgangspunktet ein grei jobb;Kvalheim har tilstått det meste han er tiltalt for.