Hopp til innhold

Hovland høyrde aldri frå Anzhi

Stoppartalentet Even Hovland (22) høyrde om interessa frå russiske Anzhi Makhachkala. Noko bod kom likevel aldri.

Video Even Hovland klar for Molde

AVVISER: Russiske Anzhi kom aldri med noko bod på Even Hovland. – Det var ikkje freistande, fordi det aldri kom noko bod. No er eg berre nøgd med slik det blei, seier Hovland.

Foto: Nyhetsspiller

Vaimingen er på landslagsoppdrag i Thailand, berre ei veke etter at han signerte treårskontrakt med fjorårets norske seriemeister , Molde. Overgangen vart eit faktum etter ein rykteflaum om svimlade bod og kontraktstilbod frå klubben til den russiske mangemilliardæren Suleyman Kerimov.

– Det var snakk om at dei skulle komme med eit bod, men det kom aldri, og eg måtte etter kvart ta eit val, seier han til Færdelandsvennen.

– Smart av Molde

Den ambisiøse klubben gjorde Samuel Eto'o til verdas best betalte spelar og henta i tillegg inn Roberto Carlos og Jurij Sjirkoc. Til avisa seier den tidlegare Sogndal-spelaren at han ikkje valde fotball framfor dei store pengane.

I staden enda han opp med U-landslagskompis Vegard Forren i «Rosenes by». Toppsjef Nils Johan Semb meiner Molde gjorde eit smart val då dei henta 22-åringen.

– Det blir spanande å sjå han i Molde i spann med Forren, også. Eg trur Ole Gunnar Solskjær har gjort eit veldig smart val ved å hente han, seier Semb til avisa.