Hopp til innhold

Hovland avslutta tysk målorgie

Even Hovland og hans Nürnberg låg under 0–2 til pause mot Union Berlin, men snudde det heile til 6–2 siger.

Even Hovland (t.v.) i duell med Matthias Morys i den tyske cupen

MÅLFEST: Even Hovland og Nürnberg inviterte til målfest i møtet mot Union Berlin laurdag. Sjølv fekk han både gult kort og scoring i kampen. Biletet er frå ein cupkamp tidlegare i sesongen.

Foto: Daniel Maurer / Epa

Even Hovland har slite med lite speletid i den tyske 2. bundesliga-klubben er at Davy Bulthuis vart utvist for to veker sidan. I dagens storsiger slo midtstopparen til med kampens siste scoring.

Førre helg måtte laget sjå seg slått av Karlsruhe, men laurdag slo Nürnberg kraftig tilbake.

Laster innhold, vennligst vent..

(Union Berlin sin første målscorar i kampfaktaen er feil)

Gjestene fekk ein sjokkstart etter tre minuttar då Hovland tapte ein hovudduell og Adrian Nikci sette inn det første målet. 20 minuttar seinare fekk dei 30 384 tilskodarane ein ny kalddusj då Damir Kreilich dobla leiinga.

Etter pause slo Der Club kraftig tilbake og avverja eit tredje serietap på rad. Kvarteret etter pause sytte Niclas Füllkrug for balanse i rekneskapen med sitt første av tre scoringar for dagen. Vidare noterte også Tim Leibold og Guideo Burgstaller for scoring, før Hovland fastsette sluttresultatet på overtid. Dette var 27-åringen si tredje scoring etter overgangen frå Molde i 2014.

Med ni kampar att å spele om er Nürnberg så godt som sikra opprykkskvalifisering. Laget er nummer tre med 59 poeng, og har ni poeng og 20 plussmål å gå på til St. Pauli på fjerde plass.

Der Club har framleis sjanse på direkte opprykk. Freiburg leiar serien med 66 poeng, medan RB Leipzig har den andre opprykksplassen med 62 poeng. Sistnemnde møter Kaiserslautern borte på måndag og kan då auke luka til Nürnberg.

Laster innhold, vennligst vent..