Hopp til innhold

Hotelltilsette i karantene etter at reisefølge fekk påvist korona

Seks tilsette ved Sunnfjord Hotell i Førde er i karantene etter at 31 bussturistar på gjennomreise har fått påvist covid-19.

Scandic Sunnfjord Hotell

I KARANTENE: Fleire tilsette er i karantene ved Scandic Sunnfjord Hotell.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

På ein pressekonferanse i kveld kom det fram at 31 busspassasjerar frå Nord-Jæren har fått påvist koronasmitte etter ein busstur i Sør-Noreg.

Reisefølgjet overnatta på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde frå laurdag til søndag.

– Vi har gått gjennom kva tilsette som var i kontakt med gjestene laurdag og søndag, seier direktør Odd Erik Gullaksen ved Scandic Sunnfjord Hotell.

Per no har ingen tilsette testa positivt.

– Saman med kommuneoverlegen er det bestemt at seks av dei tilsette er i karantene til dei har fått teke ein test og får klargjort om dei er negative eller positive, seier Gullaksen.

Har kontakta gjester

Hotelleiinga har teke kontakt med gjester som har vore på hotellet i det aktuelle tidsrommet.

– Vi har gått gjennom kven som har budd på hotellet og sendt melding til så å seie alle. Vi har nokre få vi manglar nummeret til, som vi skal få varsla i løpet av kvelden, seier Gullaksen.

– Det er viktig for oss at vi får kontakt med dei som har vore her, så dei kan få undersøkt seg viss dei skulle få symptom.

Gullaksen seier dei har gått gjennom at retningslinjene til hotellet er følgde.

– Vi har undersøkt og sjekka at retningslinjene våre og retningslinjene til Folkehelseinstituttet er følgde, og det er dei, seier hotelldirektøren.

Odd Erik Gullaksen

HAR KONTAKTA GJESTER: Hotelldirektør Odd Erik Gullaksen seier dei har teke kontakt med gjester som var på hotellet samtidig som reisefølget

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Har dialog

Smittevernlege i Sunnfjord kommune, Øystein Furnes, seier dei har hatt tett dialog med leiinga på hotellet.

– Vi har ikkje funne nokon vi kan kalle skikkeleg nærkontaktar, men likevel har vi valt å setje seks av dei tilsette i karantene fordi så mange har vist seg å vere smitta i reisefølget, seier Furnes.

Furnes seier det ikkje ser ut til å vere fare for at gjester er smitta.

– Hotellet har valt å informere dei som har vore i same matsal. Det er informert ut til gjester som har vore på hotellet i same tidsperiode, men ingen har vore i nær kontakt med dette reisefølget, seier han.

– Har dette fått følger andre stader i Sunnfjord, som de kjenner til no?

– Nei, i Sunnfjord kommune ser det ut til at dette er kontrollert og at det er lokalisert til hotellet.

Øystein Furnes

DIALOG: Smittevernlegen i Sunnfjord kommune, Øystein Furnes, seier dei har hatt tett dialog med leiinga på hotellet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Seks overnattingstader

Turen starta 15. september. Reisefølget har vore på Austlandet, Dovre og Vestlandet. Kommuneoverlege Hans Petter Torvik i Sandnes kommune turfølget har vore innom seks overnattingsstader på turen. I tillegg har dei vore på eit museum på Austlandet, opplyser Torvik.

– Vi held på å varsle stader no i kveld. Dei i bussen har sjølv varsla stadene dei har vore på, seier Torvik.

Han seier turfølget har vore nøye, mellom anna fekk dei utdelt hotellnøklane i Førde om bord i bussen og at dei har ete måltida sine som ei gruppe.

– Andre gjester har ikkje vore i kontakt med gruppa, og gruppa har vore i lite i kontakt med resepsjonistar og andre tilsette der dei har overnatta, seier Torvik.

Var innom sjukehus

Ein av passasjerane om bord blei dårleg på turen og fekk påvist covid-19 ved Haukeland sjukehus i går. Personen hadde også vore innom Førde sentralsjukehus nokre timar søndag.

– Vi fekk ein telefon frå Helse Førde om ein person frå Sandnes som var innlagt på sjukehus i Bergen med covid-19. Vi fann ut at ho var smitta på tur med denne bussen, opplyste Torvik tidlegare i kveld.