Hotellsjefen måtte spa vekk bæsj

Før høgfjellshotellet kunne opne dørene etter vinterstenging, måtte hotellsjef Ingunn Weka fjerne avføring og toalettpapir ved døra.

Turtagrø Hotell

BRUKT SOM DO: Turtagrø hotell i Luster ligg 884 m.o.h og er stengt om vinteren.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Folk har brukt hotellet som toalett. Det er skikkeleg ekkelt, seier Weka.

Det blei ein dritstart på hotellsesongen for det ærverdige fjellhotellet på Turtagrø i Jotunheimen. Både vinter og sommar myldrar det av folk som vil slite seg opp på spisse toppar i Hurrungane.

I år har dotrengde turfolk lagt igjen ei brun helsing. Det var Sogn Avis som først melde saka.

Langs veggen og ved dører låg det avføring frå menneske, og toalettpapir, då Turtagrø hotell skulle opne igjen etter vinteren.

Skitjobben blei overlaten til hotellsjefen, som måtte rydde opp.

– Eg er sjokkert over at folk kan gjere frå seg på denne måten, seier Weka.

Men det er ikkje berre ved hotellet at folk gjer frå seg.

Ingunn Weka er hotellsjef på Turtagrø.

SKIT: Hotellsjef på Turtagrø hotell, Ingunn Weka, måtte rydde opp etter andre sine dobesøk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Går på do ved trakkemaskin

I nærområdet har idrettslaget Fanaråk IL sett skit rundt trakkemaskina. Under eit arrangement i år blei det oppdaga at ein stor stein, som borna ofte klatrar på og leikar rundt, blei brukt som toalett.

– Det var avføring og papir som var både brunt og gult bak steinen. Vi måtte flytte vekk borna for å få dei til å leike ein annan stad, seier sekretær i Fanaråk IL, Mona Bukve.

Både idrettslaget og Turtagrø hotell ivrar for eit offentleg toalett som er ope heile året.

– Det blir fleire skituristar på vinteren, så eit heilårstoalett må på plass, seier hotellsjef på Turtagrø hotell, Ingunn Weka.

No sender dei ballen vidare.

Mona Bukve

SKITUR: Fanaråk IL blei møtt av toalettpapir og avføring bak ein stor stein i området.

Foto: MONA BUKVE / PRIVAT

Fekk nei til mellombels toalett

Luster kommune ville sett opp eit mellombels toalett i år, men fekk klare råd frå helsemyndigheitene om at dette ikkje var aktuelt på grunn av koronaviruset.

På grunn av koronasituasjonen i vår, så blei skigåarane oppmoda til å unngå telting og toppturar i området.

– Situasjonen er ekstra spesiell i år. Hotellet var vinterstengt lenger enn vanleg, og det var ein del ekstra turistar i området under koronakrisa, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

Luster kommune betalar Turtagrø hotell for å halde toalettet ope for turfolk, men når hotellet er vinterstengt, så må turfolket ty til naturen eller til det offentlege toalettet på Oscarshaug.

– Vi skal vurdere om det skal kome eit offentleg toalett i Turtagrø, seier Kvalen.