Fleire firma som skulle jobbe under den planlagde vedlikehaldsstoppen på Tinfos i Tyssedal hadde booka seg inn i sommar, slik at hotellet var fullbooka.
- For oss var det ein luksussituasjon, vi måtte takke nei til turistbussar og andre førespurnadar, seier styreleiar og dagleg leiar Ole Melkeraaen ved hotellet til Haugesunds Avis.
Men leiinga ved Tinfos påla alle arbeidarane å bu på eit flytande hotell dei hadde leigd inn. Dermed gjekk heile sommarsesongen til Hardanger Hotel i vasken.
Når hotellet no vert lagt ned, står Odda igjen uten hotell i sentrum. Dei 19 tilsette går no ei usikker framtid i møte.