Hopp til innhold

Hotell stenger badestranda for lokale – kommunen meiner det er ulovleg

Hotellet i Øygarden nektar andre enn betalande gjestar tilgang til stranda som har vore tilgjengeleg i årevis. Det har skapt reaksjonar.

Hotell med rorbuer, molo og badestrand fotografert fra luften

KUN FOR GJESTER: Stranda i Øygarden vest for Bergen ligg ved Panorama hotell og resort.

Foto: Marit Kalgraff / Vestnytt

– Vi har hatt stor glede av denne stranda. Heilt sidan sonen vår var liten har me vore der mange gonger.

Det seier Stein W. Wallace, som har hatt hytte i området i seks år. Hotellet og stranda ligg i Øygarden kommune utanfor Bergen.

Han og sonen Ola les på skiltet som Panorama hotell og resort har sett opp midt i vegen ned til stranda.

Den vesle stranda som lokalavisa Vestnytt omtalte torsdag, har skapt debatt om allemannsretten og tilgangen på strandsona.

– Det er overraskande at hotellet no ikkje vil ha andre enn hotellgjestene der, seier Wallace.

«Strandområdet er forbeholdt hotellets gjester og andre med avtale» står det på skilta.

Det reagerer lokalbefolkninga på.

Eit skilt på ei strand.

STENGD: Dette er skiltet som møter folk som vil bade på stranda i Øygarden.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Meiner dei bryt lova

Hotellsjef William Bernhardsen sa til Vestnytt tidlegare at dei valde å nekte andre tilgang til stranda på grunn av pandemien.

Han forklarte også at dei har rett til å kunne nekte andre å bruke stranda, ifølge friluftslova.

Det meiner Øygarden kommune er feil. No ber dei hotellet fjerne skilta snarast, etter at saka blei omtalt i media.

– Dette er ei sak med stor offentleg interesse, så me vurderte saka fort og kom fram til at skiltet ikkje er greitt, fortel ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik (H).

Han legg til at det er viktig å finne ein balanse, der hotellet kan halde stranda fri for andre enn gjestane under arrangement som bryllaup eller bursdag.

Stein W. Wallace (t.v.) og Ole Lu Wallace

OVERRASKA: Stein W. Wallace og sonen Ola Lu Wallace er overraska over at stranda dei har brukt i fleire år no er stengd.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det burde ikkje vera eit problem for Panorama å informere om arrangementa når det gjeld. Elles må stranda vera open for alle, fortel Indrevik.

«Då skiltet er i strid med plan- og bygningslova må det fjernast omgåande, og vi ber om ei stadfesting på at skiltet er fjerna så fort som mogleg».

Det skriv Øygarden kommune i eit brev til Panorama Hotell og Resort. Kommunen viser til at stranda ifølge reguleringsplanen er friluftsområde:

«Områda som er regulert til friluftsområde på land skal vere tilgjengelege for allmenn rekreasjon».

I brevet frå kommunen står ogsådet at hotellet må sende stadfesting på at skiltet er fjerna seinast innan tysdag 6. juli.

– Skiltet blir ståande

Hotellsjef Bernhardsen er så langt ikkje einig i vurderinga til kommunen, og vil derfor ikkje fjerne skiltet no.

Han seier dei no utarbeider eit svarbrev til kommunen der dei vil komme med hotellets syn på saka.

Strand ved Panorama hotell i Sund, Øygarden

UEINIG: Panorama hotell meiner kommunen tolkar reguleringsplanen feil, og vil førebels ikkje fjerne skilta.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Bernhardsen er ueinig i korleis kommunen tolkar reguleringsplanen.

– Inntil vidare er stranda for gjestane våre. Skiltet blir ståande fram til vi får ei avklaring, seier han.

Ordføraren er glad for at mange innbyggarar gav beskjed om skiltet.

– Det er viktig at innbyggarar gir beskjed dersom dei opplever at den offentlege tilgangen blir avgrensa.