Hopp til innhold

Hormonfri p-pille for menn kan testast ut i løpet av året

Så langt er den mannlege p-pilla berre testa på mus. – Det er kanskje på tide at gutar og menn også gjer noko, seier student som gjerne vil prøve.

Peter Søreide Skaar

POSITIV: Peter Søreide Skaar er høgskulestudent i Førde.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Resultata av forskinga på ei hormonfri mannleg p-pille er så langt oppløftande nok. Studien ved University of Minnesota viste seg å vere 99 prosent effektiv på mus.

Peter Søreide Skaar fortel at han nok ville vore litt skeptisk i starten. Grunnen er at 22-åringen vil vite kva han puttar i kroppen.

– Om legane godkjenner pilla, ser eg ikkje vekk frå å bruke ho.

Ei hormonfri p-pille

Tidlegare har ein konsentrert seg om å gjere noko med hormonet testosteron.

Problemet var at det førte til mange biverknader, som vektauke, depresjon og høgare kolesterolnivå, som utgjer risiko for hjartesjukdomar.

Fram til no har derfor alternativa for menn som vil nytte prevensjon vore å anten bruke kondom eller sterilisere seg.

Den nye p-pilla går laus på sjølve produksjonen av sædcella og korleis ho dannar seg. Det betyr at systemet skal fungere igjen når ein sluttar å ta pilla.

Illustrasjonsbilder fra St. Olavs Hospital Universitetssykehuset i Trondheim

SÆDCELLA: P-pilla som er i utvikling er retta mot produksjonen av sjølve sædcella.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Forskarane bak studien vil truleg starte testing på menneske i løpet av 2022, skriv nyheitsbyrået TT.

Så langt i testinga har ikkje forskarane registrert biverknader av den hormonfrie p-pilla.

Fleire studiar viser at menn er interesserte i å dele ansvaret for prevensjon med partnaren sin.

Det seier Abdullah al Norman, som er ein av forskarane bak studien.

Nokre meiner det er urettferdig

Lege i Sex og Samfunn, Trine Aarvold, forstår at kvinner føler det er urettferdig at det blir laga hormonfri prevensjon for menn.

Men det er ein grunn til at det er slik.

– Hormonsystemet til kvinner er såpass annleis enn hormonsystemet til menn, at biverknadene ved å undertrykke dei hormonelle prosessane hos menn, ville ha vore annleis enn hos kvinner, seier ho.

Aarvold understrekar at det er viktig å hugse på at kvinner også opplever positive biverknader ved hormonell prevensjon.

I tråd med ein auke av kvinner som ber om hormonfri prevensjon, trur Aarvold at det vil tvinge sjå fram meir forsking på hormonfrie p-piller også for kvinner.

Lege Trine Aarvold ved Sex og samfunn

ETTERSPURNAD: Trine Aarvold registrerer at stadig fleire spør etter hormonfri prevensjon.

Foto: ANNA RYDLAND NÆRUM / NRK

Fornuftig med kondom

I tillegg har det noko å seie om du er i fast følge eller ikkje.

Sjølv om det blir forska på nye typar p-piller, ser studenten Peter Søreide Skaar fordelane med å bruke kondom.

– Med tanke på kjønnssjukdomar er kondom greitt å bruke. Når det gjeld prevensjon, så trur eg at ei godkjent p-pille kan vere bra, seier han.

Hei!

Takk for at du kom heilt ned hit. Har du tips etter å ha lese denne saka? Då kan du kontakte meg her: