Hønsehauk braklanda i stova

Torsdag kveld fekk 92 år gamle Karolina Vereide på Vereide eit uventa besøk. Og gjesten kom ikkje inn døra som gjester pleier å gjere.

Karolina Vereide
Foto: Aadne Gloppestad

- Det hadde teke til å skymest. Eg sat i stolen og såg på fjernsyn. Plutseleg høyrde eg ein grådig smell i vindauget. Ruta knast i hop, og det hagla med glasbitar over heile stova. Eg fekk alldeles sjokk, fortel Karolina Vereide til Firda Tidend .

Etter å ha fått summa seg såg ho det var ein fugl som hadde brasa inn vindauget. Nærare bestemt ein hønsehauk. Ho ringde til nevøen Ragnar Andenæs for å få hjelp.

Døydde i samanstøyten

- Fuglen låg rett innanfor vindauget, ein liten meter inn på golvet. Den må ha kome i stup, og dermed har han hatt høg fart, seier han til avisa.

Ragnar Andenæs kom til huset ein halv time etter at fuglen braklanda, og kunne då konstatere at fuglen var daud.

- Mest truleg har hønsehauken brote nakken i samanstøyten med vindauget, seier han.

Alt same kvelden vart vindauget fiksa, og nevøen la fuglen i frysaren. Måndag vart han send i posten til utstopping, og nevøen skal få han som takk for hjelpa.