Hopp til innhold

Honoria (89) demonstrerer mot sjødeponi: – Det var slik dei gjorde i steinalderen

Eit tjuetals aksjonistar lenka seg torsdag fast til gravemaskinene i eit siste forsøk på å stoppe arbeidet. No varslar dei søksmål og forsøk på å skremme bort potensielle investorar.

Honoria Bjerknes Hamre

PROTESTERER: – Håpet er at det i det lange løp skal det hjelpe å demonstrere og protestere, seier Honoria Bjerknes Hamre.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

CO₂ i atmosfæren
424 ppm
1,5-gradersmålet
+1,06 °C
Les mer  om klima

– Det er så primitivt å kaste avfall i sjøen. Det var slik dei gjorde i steinalderen, ikkje i Noreg i dag, seier Honoria Bjerknes Hamre.

89-åringen har lenger erfaring som aksjonist enn dei fleste. Ho er æresmedlem i Naturvernforbundet, der ho òg har vore leiar, tidlegare SV-politikar og sjølv utdanna biolog. Naturvernar har ho vore så lenge ho kan hugse.

På aksjonslista står mellom anna aksjonane for Altavassdraget og Øystesevassdraget.

– Eg lenka meg ikkje i dag, men eg hadde ikkje kvidd meg på å lenke meg fast, seier ho.

Hamre har reist frå Bergen til Vevring i Sunnfjord for å gi si støtte til aksjonane mot planane om å dumpe gruveavfall i fjorden.

Førre veke gav Nærings- og fiskeridepartementet gruveselskapet Nordic Mining endeleg løyve til å drive eit ope dagbrot i Engebøfjellet.

Likevel har aksjonane halde fram i Vevring.

NRK forklarer

Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?

Gruveselskapet Nordic Mining vil utvinne rutil og granat frå Engebøfjellet i Sunnfjord kommune.

Rutil blir brukt til kvitningsmiddel og som metall i fly og sportsutstyr. Granat blir brukt mellom anna til sliping.

I sjøkanten ved Engebøfjellet skal eit prosessanlegg knuse stein. Herifrå vert rutil og granat sendt ut i verda med skip.

Medan gruveavfallet vert deponert på botn av fjorden. Selskapet anslår mengda til 1,2 - 1,3 millionar tonn årleg.

Gruveplanane har vore omstridde. Då anleggsarbeidet starta opp, var aksjonistar til stades for å stogge arbeidet.

6. mai blei det kjent at Nærings- og fiskeridepartementet held fast ved driftsløyvet.

Gruvedrift i Vevring

Fleire aksjonistar har dei siste vekene lenka seg til anleggsmaskiner, før dei har vorte henta av politiet. Til no har over 80 demonstrantar fått bøter for å ta seg inn på anleggsområdet og lenke seg fast til gravemaskinene.

Torsdag var Natur og ungdom samla til den siste store lenkeaksjonen i denne omgang. Berre denne dagen vart 30 aksjonistar åleine tekne inn av politiet.

Storaksjon i Vevring

STORAKSJON: Eit tjuetals aksjonistar tok torsdag seg inn på anleggsområdet til Nordic Mining i Vevring.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

– Vi opererer som tidlegare dagar, at dei blir henta inn og får førelegg, seier politistasjonssjef Dag Fiske.

– Vellukka aksjonar

Leiar i Natur og Ungdom Gina Gylver har sjølv vorte fjerna av politiet i aksjonar.

Under storaksjonen torsdag morgon fortalde ho til NRK at demonstrantane er ferdige med aksjonar og vil ta «neste steg i kampen for reine fjordar».

– Kva har de oppnådd?

– Vi har klart å skape eit enormt politisk press som ikkje har vore der på mange år i denne saka. Så dette har vore ekstremt vellukka, og vi er klare til å ta saka vidare, seier Gylver.

Gina Gylver

GIR IKKJE OPP: Leiar Gina Gylver og resten av Natur og Ungdom vil ikkje opp å jobbe mot sjødeponi i Førdefjorden.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Vil ta saka til retten

Same dag vart det også kjent at Naturvernforbundet og Natur og Ungdom vil ta saka til retten. I tillegg vil dei drive lobbyisme overfor potensielle investorar for å hindre dei i å investere i gruva.

Organisasjonane har sendt eit omgjeringskrav med varsel om søksmål til Klima- og miljødepartementet.

– No må det setjast ein strek for omkampar. Her vil det verte skapt arbeidsplassar og verdiar som lokalsamfunnet og storsamfunnet har stor bruk for, har Sivert Bjørnstad (Frp) uttala til NRK.