Hopp til innhold

Homofilt ekteskap kan splitte kyrkja

Alle dei tre prostane i Sogn og Fjordane er mot vigsel av homofile. Spørsmålet om vigsel av homofile kan splitte den norske kyrkja. Det fryktar prost i Sogn, Kjetil Netland.

Montasje

KREVJANDE: Prost i Sogn, Kjetil Netland, fryktar at spørsmålet om vigsle av homofile kan splitte kyrkja.

Foto: Montasje

– Dette spørsmålet har kraft i seg til å splitte kyrkja, seier Netland.

Spørsmålet vart på ny aktuelt då biskop i Tunsberg, Per Arne Dahl, denne veka fortalde at han er mot vigsel av homofile.

Ei splitta kyrkje

Homofile får i dag ikkje gifte seg i kyrkja. Men kyrkja er djupt splitta i spørsmålet
Det øvste organet til kyrkja, kyrkjemøtet, sa i fjor nei til vigsel av homofile med 64 representantar mot og 51 for.

6 biskopar i landet er for, 6 er mot. Delinga på midten var eit faktum då Tunsberg-biskop Per Arne Dahl tok eit offentleg standpunkt på søndag.

– Eg har den største respekt for det, men eg seier nei til å vie dei. Den viktigaste grunnen er det teologiske synet på ekteskapet som ei ordning mellom mann og kvinne, og ikkje minst fruktene av det forholdet som handlar om born, seier han.

Vil ikkje vie homofile

Alle tre prostane i Sogn og Fjordane, i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, er mot vigsel av homofile. Kjetil Netland, prost i Sogn, seier det er svært vanskeleg å foreine dei to syna.

– Biskopane våre er veldig opptekne av å halde kyrkja saman som ei kyrkje, og det er mange av oss andre som veldig gjerne skulle ønskje at vi klarar å halde den norske kyrkja saman også i dette spørsmålet. Men det å finne praktiske løysingar som gjer at vi kan leve saman med to syn er ikkje enkelt, fortel han.

Prost i Sunnfjord Reidar Knapstad er samd med Netland når han legg vekt på det teologiske synet.

– Eg held fast på at ekteskapet er mellom mann og kvinne. Samstundes respekterer eg at andre arbeider for at homofile skal kunne ha vigsel i kyrkja, seier Knapstad.

Også prost i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum, held på det klassiske synet knytt til vigsel av homofile.

– Eg trur ikkje kyrkja skal vie homofile, men ville halde på partnarskapslova, fortel han.

Opplever ei splitting

Engasjementet er sterkt på begge fløyer. Organisasjonen "åpen folkekirke", som kjempar for at homofile skal få gifte seg i kyrkja, stiller liste i 9 av 11 bispedøme i kyrkjevalet i haust.

På den konservative oppretta Norsk Luthers Misjonssamband eit eige trussamfunn no i sommar.

– Det er sørgeleg at vi opplever splitting lokalt fordi at dette spørsmålet blir så vanskeleg for folk. Ein ting er at det er to lutherske forsamlingar side om side i dei store byane, men det vil ikkje fungere i små bygder, seier Netland

Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug har tidlegare uttalt at han er mot at kyrkja skal vie homofile. Han vil ikkje kommentere denne saka.