Holmberg nummer to

Nådde ikkje årsbeste frå i fjor under høgdekonkurransen i Vik.

Høgdegalla i Vik

Henrik Holmberg frå Vik hoppa 1,90.

Foto: Odd Inge Gjeraker

20 år gamle Henrik Holmberg hoppa 1,90 meter under Høgdegallaen i Vik laurdag.

Mellom 1500 og 2000 tilskodarar hadde møtt fram for å sjå det lokale talentet måle krefter mot landets beste høgdehopparar.

Dårleg timing

Høgdegalla i Vik

Brede Raa Ellingsen frå Norna-Salhus hoppa 2,15.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Holmberg vart nummer to, slått av norgesmeister Brede Raa Ellingsen.

I fjor hadde Holmberg ei bestenotering på 1,96. Under høgdekonkurransen laurdag hadde han fleire forsøk på 1,95 utan å lukkast.

- Han var ikkje heldig med tilløpet, og timingen stemde ikkje heilt. Men i gode augeblikk har han to meter inne, meiner Odd Inge Gjeraker i arrangementskomitéen.

Brede Raa Ellingsen frå Norna-Salhus vann konkurransen med 2,15.

- Om tredjeforsøket på 2,15 sa trenaren at det var det beste hoppet han hadde gjort i karrieren, seier Gjeraker.

Årleg mønstring

Tor Inge Øvrebotn frå Svelgen svinga seg over 1,75 under høgdekonkurransen.

Både Christian Boe Helland frå Norna-Salhus og Runar Surdal frå Moi i Rogaland hoppa 1,85.

Høgdegallaen i Vik blir arrangert for tredje gong.

- Vi satsar på at dette skal bli ei årleg mønstring av dei beste høgdehopparane i landet, seier Gjeraker.