Førstelektor Torbjørn Årethun ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har sett nærare på kven det er som flyttar frå fylket.
Det han har funne er nedslåande.
Mange av dei som flyttar frå fylket er nemleg høgt utdanna. Årethun er overraska over at det også i forhold til personar med fagbrev er fleire som flyttar ut, enn som flyttar til fylket.
– Eg er mest overraska over at det er ein relativt stor grad av utflytting av personar med fagbrev. Årsaka er at vi her i fylket har ein relativt brei arbeidsmarknad som kan sysselsetje den type arbeidskraft, seier Årethun.
Nær 3000 har flytta ut på få år
Gjennomgangen han har gjort viser at Sogn og Fjordane vert tappa for høgt utdanna arbeidskraft.
Frå 2004 til 2007 flytta heile 1909 personar med høgare utdanning frå fylket.
I tillegg flytta mange personar med fagbrev ut av fylket, heile 759 personar til saman i løpet av denne perioden. Alt i alt betyr dette at utflyttinga av personar med høgare utdanning og fagbrev er større enn tilflyttinga til fylket.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Skapar problem for næringslivet
Førstelektoren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seier dette har fleire negative konsekvensar for fylket.
– For det første vil det kunne skape problem med rekruttering av relevant arbeidskraft for næringslivet i fylket.
– Det andre er at desse personane kanskje er villige til å skape si eiga verksemd og å vere entreprenørar, og dermed vil ein også kunne tape moglege entreprenørar i fylket, noko som kan gå utover vekstkrafta i næringslivet, seier førstelektoren ved høgskulen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
NHO: – Dette er ei utfordring
Regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, meiner det er viktig å halde dei med fagbrev i fylket.
– Dette er ei utfordring for oss.
– Vi er nøydde til å gjere noko for å sikre oss at dei med fagbrev blir i fylket, og tek dei jobbane som næringslivet etterspør. Det er stor mangel på kvalifisert arbeidskraft innanfor yrkesfaga i dag, seier Stang til NRK.no.
Årethun håper tala kan bidra til å vise korleis situasjonen er i fylket, og at det kan endre den negative trenden.
– Eg håpar dette kan vere ein vekkjar og stimulere til forsøk på å skape arbeidsplassar i Sogn og Fjordane som er attraktive, seier han.