Hopp til innhold

Dette er dei nye tiltaka i Bergen

Det blir påbod om munnbind på offentlege stader i Bergen, der ein ikkje kan halde ein meters avstand.

Pressekonferanse om nye koronatiltak.

BYRÅD: Roger Valhammer (Ap) seier det ikkje er aktuelt med ei ny nedstenging.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Torsdag meldte Bergen kommune om 209 smitta, som er det høgste talet på éin dag sidan pandemien starta.

Fredag vart det meldt om 133 nye smitta. Høgt smittetrykk over tid, gjer at byrådet i dag innførte nye smitteverntiltak i Bergen.

Ifølge byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) vil det sannsynlegvis ikkje bli aktuelt med ei nedstenging i tida framover.

– Vi er ikkje der at vi innfører like strenge tiltak som vi gjorde tidlegare i pandemien, men vi må ta nokre grep for å dempe smittetrykket. Vårt bodskap er ikkje at folk skal bli heime og avlyse ting ein har planlagt. Vårt bodskap er at vi må hente fram igjen nokre av dei gode smitteverntiltaka vi har hatt, seier han.

PRESSEKONFERANSE: Byrådet haldt pressekonferanse kl. 14.00 om nye smitteverntiltak og den gjeldande smittesituasjonen i Bergen.

Dette blir dei nye tiltaka

Byrådet har innført to forskriftfesta tiltak som trer i kraft fyrstkomande mandag, den 22. november med fire vekers virketid.

  • Skjenkestader, restaurantar og kaféar skal registrere namn og telefonnummer på gjestar, samt dato for besøket.
  • Påbod om munnbind kor det er risiko for å ikkje halde ein meters avstand på på butikkar, i fellesareal på kjøpesenter, kollektivtransport, innandørs stasjonsområde og i taxi.

Dei nye tiltaka vil råke over 410.000 personar.

Til no har bruk av munnbind berre vore ei anbefaling frå kommunen. Smittevernoverlege Marit Voltersvik meiner få har følgd anbefalinga.

– Når vi no gjer dette til eit påbod, blir det enklare, for det er enklare å følgje reglar, seier ho.

I tillegg til dei forskriftsfesta tiltaka, går byrådet ut med nokre anbefalingar.

  • Bruke munnbind i alle offentlege samanhengar innandørs der ein ikkje kan halde ein meters avstand
  • God hand- og hostehygiene
  • Hald deg til få nærkontaktar
  • Unngå handhelsing, og å klemme andre enn dine næraste
  • Hald deg heime og test deg når du er sjuk

– Vi ber deg om å ta nokre fleire forholdsreglar enn det du har gjort sidan gjenopninga, seier helsebyråd Beate Husa.

Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Samnanger, Vaksdal og Øygarden følgjer etter Bergen og innfører nye koronatiltak.

Vurderer koronasertifikat

Regjeringa har i dag vedteke ei forskrift som opnar for at kommunane kan ta i bruk koronasertifikat.

Koronapasset har til hensikt å gje lettelsar til fullvaksinerte, dei som har testa negativt for koronaviruset eller har gått i gjennom covid-19.

Regjeringa argumenterer for at koronapasset gjer det mogleg for samfunnet å halde ope i større grad.

Byrådet seier dei i tida framover vil vurdere korleis dei skal følgje opp det nasjonale tiltaket knytta til bruk av koronasertifikat.

Regjeringa har også bedt kommunane om å prioritere ei tredje oppfriskingsdose til dei over 65 år, i tillegg til andre dose til 16-17 åringar før jul.

– Det skal vi levere på, vi har god vaksinekapasitet i kommunen, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap).

Kø av eldre utenfor sentralbadet

VAKSINEKØ: Eldre i kø for tredje dose av koronavaksina utanfor Sentralbadet i Bergen.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Kan arrangere julebord

Det har herska tvil om korvidt det kan arrangerast julebord i år. Ifølge helsebyråd Beate Husa vil kommunen arrangere julebord for sine tilsette.

– Gjennomfør det de har planlagt av aktivitetar, men hald smittevernreglane, er hennar anbefaling.