Hopp til innhold

Mads (18) og Jan-Erik (16) om presset i skulen: – Karakterar det einaste vi snakkar om

Karakterkrava for unge går berre ein veg: Oppover. Jan-Erik Stenseth (16) slår no alarm på vegner av alle dei som ikkje får toppkarakterar, men prøver sitt beste.

Mads og Jan-Erik

MOT KARAKTERPRESS: Jan-Erik Stenseth (til høgre) og Mads Søreide vil gje håp til andre ungdommar som slit med motivasjonen undervegs i skulegangen.

Foto: PRIVAT

– Det er lett å kjenne seg dum når dei rundt deg gjer det mykje betre, seier Jan-Erik Stenseth.

Tidlegare i sommar skreiv 16-åringen eit lesarinnlegg i BA om korleis karakterpresset er med på å gjere skulekvardagen vanskelegare.

«Stjerneelevar får for mykje merksemd», skriv han, og skildra ein tøff skulekvardag i 10. klasse på grunn av karakterpresset.

«Sjølv har eg lese- og skrivevanskar. Det er irriterande på grunn av at eg ikkje alltid får fram det eg ønskjer på prøvar og andre vurderingar. Eg kan sitje i fleire timar på førehand og pugge, men det viser ikkje på vitnemålet mitt.»

Tala viser at det har blitt hardare konkurranse for å kome inn på studieløpet ein ønsker.

Samordna opptak har hatt nok eit år med rekordmange søkarar. Snittkarakterane i alle fag for 10. klasse i grunnskulen hadde ein auke skuleåret 2019/2020.

Eg gjer mitt beste, så får karakterane berre kome.

Jan-Erik Stenseth

For Jan-Erik var det vanskeleg å lese om andre elevar som berre har fått seksarar på vidaregåande, eller om studia det er vanskelegast å komme inn på.

Edvard Botterli Udnæs, leder for Elevorganisasjonen.

VIL HEIDRE INNSATS: Leiar Edvard Botterli Udnes i Elevorganisasjonen meiner innsatsen til elevane ikkje nødvendigvis blir målt i karakterane deira.

Foto: Sarah Solheim/Elevorganisasjonen

Vil rose innsats

Ein bør i større grad rose innsatsen, ikkje berre karakterar, meiner leiar i Elevorganisasjonen, Edvard Botterli Udnes.

– Det er viktig å få anna anerkjenning enn berre karakterar frå lærar og elevar. Som når elevar klarer å jobbe seg opp frå ein 2-ar til ein 4-ar, og legg inn mykje arbeid for å lære seg faget.

Han meiner media forsterkar karakterpresset.

– Vi sit og frustrerer oss over mediebiletet når det gjeld karakterar rundt utdeling av vitnemål.

Mads Søreide
Mads Søreide (18) frå Sandane valgte ein utradisjonell veg.

I 10. klasse bestemte Mads Søreide frå Sandane seg for at vidaregåande ikkje var hans greie.

– Eg var lei av å gå på skulen, og var klar for å komme meg ut i verda.

Etter ungdomsskulen flytta han til hovudstaden for å jobbe som lærling hos Jan Thomas studio.

Der kan han jobbe mot målet sitt: Å kunne leve av å vere klesdesignar.

– Karakterar var eigentleg det einaste vi snakka om på ungdomsskulen.

Han låg på rundt 4 i snitt, og var stort sett nøgd med karakterane han fekk. Men målet for Mads er noko heilt anna enn berre eit godt vitnemål.

– Suksess for meg er at så lenge eg gjer mitt beste, så er det godt nok.

Mads Søreide

FØLG DRAUMEN: Mads drøymer om å flytte til USA etter kvart. Foto: @madssoreide/Instagram

Skisser Mads Søreide

IVRIG TEIKNAR: Mads skribla heller klesskisser enn reknestykke i matteboka. Foto: @madssoreide/Instagram

Mads Søreide

GOD STØTTE: Mads har fått god støtte og lærdom frå Christopher Mørch Husby og Jan Thomas. Her hjelper Husby til med den nyaste kolleksjonen til COHMÉ. Foto: @madssoreide/Instagram

Vil løfte fram andre historier

Seniorrådgjevar Kari Austgulen Hestnes ved Åsane vidaregåande skole meiner media kan nyansere dekninga av stjerneelevane.

– Dei kan også kan trekkje fram dei som lukkast i arbeidslivet på andre måtar enn å få dei aller beste karakterane og mastergradene.

Ho seier det finst mange forskjellige solskinshistorier der ute. Til dømes ungdom som går yrkesfagleg fordjuping og som skin som lærling.

Jan-Erik Stenseth

VIL JOBBE MED MENNESKE: Draumen til Jan-Erik er å kunne hjelpe menneske mellom liv og død.

Foto: Jan-Erik Stenseth

Men Hestnes understrekar at dei fleste delar av arbeidslivet krev eit visst karakternivå for å komme inn på studium eller læreplassar.

– Vi veit at elevar som har 2 i snitt har vanskelegare for å komme seg vidare i arbeidslivet. Vi må gjere slik at elevar kan få meir tilpassa undervisning i klasserommet.

Kom inn dit han ville

Jan-Erik i Fjaler byrjar til hausten på helse- og sosialfag. Det er han veldig stolt av. Draumen er ein dag å bli ambulansearbeidar.

Han håpar at tida på vidaregåande vil bli prega av eit anna karakterfokus enn det han opplevde på ungdomsskolen.

– Det har vore ganske kjedeleg. Når eg har hatt prøver, så har eg ikkje fått fram det eg eigentleg kan. Eg har gjort mitt beste, og meir enn det kan eg ikkje gjere.

Hei!

Hei, eg har skrive denne saka om karakterkrav for unge i skulen. Eg vil gjerne høyre frå deg om du har fleire tips som gjeld ungdom, skule og karakterar.

Har du noko på hjartet? Skriv gjerne til meg!