Hopp til innhold

Høgsterett forkasta anke frå rektor i overgreps-biletesak

Rektoren frå indre Sogn, som er dømd for å ha hatt film og bilete av overgrep mot born, får ikkje prøvd saka si for Høgsterett.

Advokat Louis Anda

FORSVARAR: Advokat Louis Anda sin klient, den tiltalte rektoren frå Sogn, får ikkje prøvd saka si for Høgsterett.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Høgsterett har forkasta anken frå rektoren i Sogn som er dømd for å ha oppbevart overgrepsbilete av barn på datamaskina si. No vil forsvararen hans ta saka til den europeiske menneskerettsdomstolen.

– Vi tek til følgje at han ikkje har fått fremja anken sin der. Klienten min meiner han er uskuldig dømd, og har gitt meg i oppdrag å ta saka inn for den europeiske menneskerettsdomstolen. Det vil bli gjort, seier forsvarar for mannen, Louis Anda.

Det var i august i 2010 at rektoren vart pågripen av politiet, og eit heilt lokalsamfunn var i sjokk då nyheita kom.

Har avvist kjennskap til funna av bilete

Politiet tok hand om fire datamaskiner då dei aksjonerte mot mannen. På nokre av desse avdekka dei både bilete og filmar med overgrep mot born. Mannen vart sikta i august same år.

Saka byrja å rulle etter at ekskona fekk hjelp av ei venninne då ho fekk dataproblem i 2010. På datamaskina, som både rektoren og ekskona disponerte medan dei var gifte, fann venninna filer som ho meinte indikerte ulovleg pornografisk materiale.

Rektoren erkjende at han har sett på lovleg erotikk/porno på nettet, men har heile tida avvist kjennskap til funna politiet gjorde av bilete/filmar med overgrep mot born.

Mannen vart i Sogn tingrett dømd i saka, men anka til Gulating lagmannsrett. Også her vart rektoren dømd til fengsel i 21 dagar på vilkår for å ha hatt bilete og filmar med overgrep mot born.

Er usamde om sakshandsaminga

Dommen vart anka til Høgsterett, då Anda meinte lagmannsretten hadde gjort ei rekkje sakshandsamingsfeil. Høgsterett har no konkludert med at rektoren ikkje får prøvd saka si på nytt.

No blir sistnemnde sin dom på fengsel i 21 dagar ståande som rettskraftig. Eit samrøystes ankeutval i Høgsterett grunngjev avgjerda si med Straffeprosesslova § 323.

Anda er klar på at saka skal fram for den europeiske menneskerettsdomstolen.

– Det går spesielt på sakshandsaminga i lagmannsretten, og også sakshandsaminga i Høgsterett. I korte trekk går det ut på at vi har påpeikt ei rekkje sakshandsamingsfeil som vi meiner vart gjort i lagmannsretten, og dei har ikkje Høgsterett grunngjeve, seier Anda.

Han reagerer på at Høgsterett ikkje har utdjupa dette.

– Dei har berre skrive ei kort linje om at anken vert nekta fremja, utan noko grunngjeving, seier Anda.

Politiadvokat Erling Melvær hadde opphavleg saka, før den vart behandla i rettssystemet.

– Rektoren er samrøystes dømd i tingretten og lagmannsretten. Ti av ti dommarar har funne det bevist utover rimeleg tvil at han har hatt omgang med barnepornografi, og ein samrøystes Høgsterett har nekta anka hans fremja. Det betyr at til saman 13 dommarar i tre instansar har sett på saka hans, og 13 dommarar har hatt same oppfatning som påtalemakta, seier Melvær.

Han har ingen ytterlegare kommentarar, då han ikkje var aktor under handsaminga i tingretten og lagmannsretten.

Var samrøystes

Mannen var i utgangspunktet tiltalt for «minst 350 bildefiler», men fram mot ankesaka i Gulating lagmannsrett vart denne nedjustert til «minst 20 bildefiler».

Mannen anka både sakshandsaminga, og lovbruken under skuldspørsmålet. Han har heile tida hevda at han er uskuldig, og meiner at andre må ha brukt datamaskinene.

Høgsterett sitt ankeutval var samrøystes i avgjerda om å ikkje sleppe saka gjennom til ny handsaming.