Høgskulen i Sogn og Fjordane vil stå åleine

Høgskulen i Sogn og Fjordane har vedteke at dei vil stå åleine. Høgskulestyret bestemte tysdag at skulen står sterkast åleine.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

LEVERER KVALITET ÅLEINE: Høgskulen i Sogn og Fjordane leverer kandidatar regionen treng og står difor best på sjølvstendige føter, slår styret for høgskulen fast.

Foto: NRK

– Vi har konkludert med at vi ønskjer å halde fram som sjølvstendig høgskule for å vareta høgskulen sine interesser på ein best mogeleg måte.

Det seier leiar i Høgskulestyret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Heidi Kathrin Osland.

(Saka held fram under biletet)

Heidi Kathrin Osland

VIL VERE SJØLVSTENDIG: Høgskulestyret har bestemt seg for at dei er best åleine. Heidi Kathrin Osland meiner det er det beste for høgskulen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ministeren ønskjer samanslåing

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har bede alle norske utdanningsinstitusjonar om å kome med forslag til strukturendringar. Høgre-statsråden ønskjer seg eit nytt universitetskart, og høgskulane og universiteta på Vestlandet ser føre seg eitt langt tettare samarbeid om forsking og utdanning.

Tidlegare har rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, sagt at ein føretaksmodell er den mest aktuelle samarbeidsforma.

Men no har styret ved Høgskulen bestemt seg for å halde fram åleine og går dermed mot tilrådingar og føringane som er komme frå utdanningsministeren.

– Vi meiner at vi har belegg for å seie at vi er ein oppegåande høgskule som leverer kandidatar som regionen har behov for. Dessutan ser vi det slik at gode strategiske vurderingar vert gjort av høgskulestyret dersom det sit i Sogn og Fjordane, og ikkje i Bergen.

Leverer kvalitet

Osland meiner styret har den kjennskapen til regionen og bedriftene som er her, og til kommunane, noko som gjer at høgskulen leverer ei god utdanning.

– Det er noko vi vil fortsette med.

Ho understrekar at høgskulen framleis vil samarbeide med andre høgskular.

– Det er like naturleg for oss å samarbeide med Bergen som med Oslo. Så ved å stå sjølvstendig og fritt til å samarbeide fritt med dei institusjonane som til ei kvar tid er best tente å samarbeide med.

Til veka møter høgskulen statsråden i Stavanger, saman med dei andre utdanningsinstitusjonane på vestlandet. 1. november leverer høgskulen si vurdering av korleis dei vil samarbeide med dei andre høgskulane.