Høgskulen i Sogn og Fjordane har teke nok eit stikk i kampen mot Concord-bygget i Førde. Dei siste fem åra har partane møtt kvarandre fleire gonger i retten, men nyleg avgjorde altså tingretten at Høgskulen slepp å betale erstatning etter å ha avlyst ein anbodskonkurranse i 1999. Direktør Hans Jørgen Binningsbø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane forventa å vinne fram.
Ville halde på høgskulen
Etter fleire rettsrundar mot Concord-bygget har nemleg Høgskulen alltid fått medhald. Problemet stammar frå 1999, då Høgskulen avlyste ein anbodskonkurranse for eit nybygg som skulle samle ingeniør- og sjukepleiarutdanninga. Concord-bygget på Øyrane, der ingerniørutdanninga låg, og framleis ligg, hadde levert inn eit tilbod, og klaga på avlysinga.
Dei gjekk rettens veg for å utsetje byggestarten av det nye høgskulebygget på Vie, men Concord tapte både i tingretten og lagmannsretten. Rettssakene betydde store forseinkingar for Høgskulen sitt nybygg.
Ny rettsak
Og Concord-bygget gjekk til retten igjen, denne gongen med erstatningskrav mot høgskulen. Eigedomsselskapet meinte dei gjekk glipp av betydelege leigeinntekter fordi dei ville ha vunne anbodskonkurransen. Men nok ein gong vann Høgskulen.
Styreleiar i Concord-bygget, Gitle Sande, seier han enno ikkje har lest dommen, og vil difor ikkje uttale seg om saka. Direktør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Hans Jørgen Binningsbø, håpar saka er ute av verda.
Høgskulen si ingeniørutdanning flyttar frå Concord-bygget til nybygget på Vie neste sommar.