– Sogn og Fjordane har veldig god kvalitet på mykje av det dei gjer, så eg er optimist i høve til at Høgskulen vil ha ei god framtid.
Det seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).
Hans eiga regjering vil ha færre og større høgskular og universitet. Ikkje minst vil dei setje strengare krav til kvaliteten ved lærestadane. Dei som ikkje stettar krava skal ikkje lenger ha livets rett.
– Regjeringa har vore veldig tydeleg på at vi kjem til å setje nokre kvalitetskrav. Det vil få følgjer for strukturen, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til NRK.no tidlegare i mai.
- LES OGSÅ:
– Like god som dei store
– Vi ser at det er ein del fordelar med å vere ein sjølvstendig høgskule. Til dømes dette med å følgje opp studentane. Vi ser at dei små miljø scorar minst like bra som dei store.
Ho fryktar dei vil miste fag og viktige arbeidsplassar ut av fylket om samanslåing skulle bli utfallet av regjeringa sin utdanningspolitikk.
– Viss vi skal gå inn for fusjonar, så må vi i alle fall vere trygge på at gevinsten er større enn kostnaden. Det er vi ikkje heilt trygge på.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Omtrent som NHH
I staden for å bli slått saman, vil HiSF har gå for eit meir omfattande samarbeid med høgskulane på Vestlandet. Løkeland meiner Høgskulen alt leverer kvalitet på linje med andre større skular.
– Hadde vi ikkje levert, så hadde eg verkeleg frykta samanslåing i desse dagar. Men vi har ein jobb å gjere i forhold å til å beskrive våre sterke sider, kva vi vil og kva vi må gjere for å få det realisert, erkjenner Løkeland.
Rektoren vil heller ikkje vere med på at Høgskulen i Sogn og Fjordane er så liten.
– Vi har nær 4000 studentar. Vi er ikkje ein liten høgskuleinstitusjon i landsmålestokk. Vi er middels store. Norge Handelshøgskole er på same storleik, seier Løkeland.
Ho og administrasjonen har no frist på seg til november med å komme med sine visjonar for framtidas høgskule overfor regjeringa.
- LES OGSÅ:
Trur kvaliteten bergar skulen
Høgre sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane trur høgskulen uansett vil halde fram slik den er, viss den er god nok.
– Eg trur at så lenge dei klarer å levere kvalitet, klarer å omstille seg og levere utdanning på viktige fagfelt for innbyggjarar både nasjonalt og i Sogn og Fjordane, så har dei også ei framtid.
– Så det kjem ikkje noko diktat frå din statsråd om å gjere det annleis?
– Nei, så lenge ein leverer kvalitet, så trur eg Høgskulen i Sogn og Fjordane vil stå seg. Eg er imponert over det dei har gjort og rolla dei har spelt i fylket, seier Lødemel.
- LES OGSÅ:
– Hadde mista mykje på vegen frå Bergen
Imponert er også sjukepleiarstudentane NRK.no møter på Avdeling for helsefag, veg i vegg med Førde sentralsjukehus.
– Eg føler at eg får god oppfølging. At eg blir sett som student. Viss eg treng hjelp så er dei der for meg, seier sjukepleiarstudent Lena Johansson før ho med stødig hand set inn ei kanyle i armen på ein medstudent.
Sjukepleiar student Even Bakke frå Bergen trur høgskulemiljøet han i dag er ein del av i Førde, vil lide om dei blir ein underavdeling av Høgskolen i Bergen.
– Eg trur dei hadde mista mykje på vegen frå Bergen til Førde. Mellom anna når det gjeld fag og utvikling, seier bergensaren.