– Det ser ikkje bra ut. Ingen har følgt mållova til punkt og prikke i år, seier Åse Wetås, som er direktør i Språkrådet.
Kvart år får høgskular, universitet og andre statlege institusjonar tilbakemeldingar frå Språkrådet på språkbruk.
Trenden er manglande nynorsk. Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda får kritikk for at dei brukar for lite bokmål.
– Mållova gjeld òg for dei institusjonane som brukar mest nynorsk. På Høgskulen i Sogn og Fjordane brukte dei for mykje nynorsk og for lite bokmål i 2016.
– Vi tek det ikkje tungt
Seniorrådgivar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Georg Arnestad, er meir oppteken av dei som bryt mållova, for å sleppe unna nynorsken.
– Det er så mange høgskular og universitet i landet vårt som år etter år medvite saboterer heile mållova, så at vi gjer det tek vi ikkje tungt. I ei utgreiing kom vi fram til at vi ikkje skal vere den beste skulen i landet på å halde oppe prosenten med bokmål, seier han
Arnestad forsikrar om at alle studentane på høgskulen skal få informasjon på det målet dei ynskjer.
SKAL IKKJE VERE BEST I BOKMÅL: Seniorrågivar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Georg Arnestad, seier høgskulen ikkje skal vere den beste skulen i landet på bokmål.
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRKMållaget vil at alle skal følgje lova
SER PÅ MÅLLOVA SOM EI STYRKE: Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, meiner mållova er ein styrke for nynorsk.
Foto: Noregs MållagLeiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag vil ikkje ha noko unnatak eller boikotte bokmålsprosenten på typiske nynorskinstitusjonar.
– Det er ein styrke for nynorsk at vi har mållova. Vegen framover er at vi må få alle til å følgje lova.
Språkrådet meiner mållova er klar.
– Mållova seier at statsinstitusjonar skal ha minst 25 prosent av tekstproduksjonen i enkelte kategoriar i den minst brukte målforma, seier Åse Wetås.