Hopp til innhold

Statssekretær: - Produserer for lite forsking ved Høgskulen

Kunnskapsdepartementet pressar Høgskulen i Sogn og Fjordane på å slå seg saman med nokon.

Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

DÅRLEGE PÅ PUBLISERT FORSKING: Kunnskapsdepartementet har notert seg at Høgskulen i Sogn og Fjordane er blant dei dårlegaste i landet på å publisere forsking.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Høgskulen i Sogn og Fjordane utpregar seg med veldig lite forsking som blir publisert. Dei er omtrent lågast i sektoren, seier statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet.

Høgskulen har fått brev frå departementet der dei gir høgskulen ein siste sjanse til å føreslå kven dei vil slå seg saman med. Brevet har vore tema for styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Splitta miljø

Statssekretæren meiner mangelen på publisert forsking er eit argument for å slå seg saman med andre, og han har notert seg fleire argument.

– Høgskulen har dessutan ei veldig lita og sårbar ingeniørutdanning. I tillegg merkar vi oss det som kjem frå dekanen i Førde om at det vil vere fornuftig for deira fagmiljø å slå seg saman med ein større aktør.

Samstundes blir det vist til frå høgskulen at dei skårar høgt på alle måltal og dei viser til at dei vil samarbeide og knyte til seg kompetanse.

– Men høgskulen skårar ikkje godt på alle måltal. Dei er nesten lågast i universitet- og høgskulesektoren av publisert forsking per tilsett. Så det er eit variert bilete. I tillegg slit skulen med å rekruttere nok studentar, og skulen slit med ei svak ingeniørutdanning.

Rektor vedgår utfordring

Rektor Åse Løkeland seier seg dels samd i kritikken frå statssekretæren om manglande forsking som vert publisert.

– Vi er einige i at det er ei utfordring for oss å komme opp med forskingspublisering. Når vi blir målt så skårar vi i toppen på kandidatproduksjon, studiepoengproduksjon, studiekvalitet, søkartal og studiebarometer. Men når vi blir målt på internasjonalisering og FOU-publisering så er der ein god del som står att for oss. Det er grunnen også til at vi satsar vidare på dette.

Løkeland viser dessutan til at dei fleste forskingsmidlane går til dei større forskingsmiljøa, og særleg ved universiteta. Ho er ikkje med på at mangel på publisert forsking skal vere eit argument for samanslåing.

– Det er ikkje sikkert ein får dei store publiseringane av å fusjonere institusjonar som ligg langt frå kvarandre. Ein fordel kan likevel vere at ein får ein felles forskingsadministrasjon.

Ho meiner skulen kan halde fram som sjølvstendig høgskule, men at det vil vere krevjande.

– Det vil krevje prioriteringar frå vår side og særleg FOU-forsking må vi prioritere høgare.