Hopp til innhold

Høgre vil fjerne plikta til å etterforske gamle synder i strandsona

Høgre fremjar forslag på Stortinget om å kutte ut kravet om å etterforske ulovlege bygg i den norske strandsona.

Strandsone på Hvasser

STRANDSONA: Høgre vil fjerne eller avgrense plikta til å etterforske ulovlege oppførte hus, naust og bryggjer i den norske strandsona.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I dag har kommunene plikt etter plan- og bygningslova til å følgje opp tiltak som er ulovlege – uansett kor gamalt forholdet er.

Dette vil Høgre endre.

Tysdag fremja dei forslag til Stortinget om å fjerne eller avgrense plikta til å etterforske ulovlege oppførte hus, naust og bryggjer i den norske strandsona.

Forslaget kjem etter at kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik i førre veke tok til orde for å mjuke opp strandsonevernet i deler av landet (sjå faktaboks).

Om den nye kommunalministeren meiner noko med alle lovorda om å auke det lokale sjølvstyret, så er dette ein god stad å starte, seier Høgre-representant Charlotte Spurkeland.

Blant argumenta for «amnesti» er ressursbruken og at gamal dokumentasjon ofte er borte («mykje av det institusjonelle minnet er tapt»).

Ei lov frå 1965 definerte strandsona som 100 meter inn på land.

Jakta på ulovlege strandeigedomar intensivert

Brot på plan- og bygningslova vert ikkje forelda, og norske kommunar brukar i dag store ressursar på å gå etter tidlegare synder i den norske strandsona.

Mykje omtala er «strandsone-bråket» på Malmøya i Oslofjorden, der TV 2-profil Helene Olafsen (32) i mars fekk pålegg frå statsforvaltaren om å rive eit båthus og ei bryggje.

«Jakta» på ulovlege strandeigedomar vart intensivert etter ein statleg instruks på byrjinga av 2000-talet.

I Bergen er det eksempelvis gjennomført 2800 kontrollar sidan 2008. Ifølgje Bergens Tidende fann dei «moglege ulovlegheiter» på rundt halvparten av dei.

Same avis har på leiarplass teke til orde for at byrådet bør «vurdere amnestispørsmålet på nytt» og «la dei eldste byggjesakene liggje».

Andre kommunar, som Bjørnafjorden og Sandefjord, har vedteke at dei ikkje vil forfølgje byggjesaker frå lengre tilbake enn 1985.

Dette er jo heilt vilt!

Blant norske miljøorganisasjonar vert forslaget til Høgre negativt motteke.

Dette er jo heilt vilt! Er målet at hytte-eliten i Høgre skal få automatisk amnesti for dei ulovlege tiltaka sine i strandsona? spør Truls Gulowsen i Naturvernforbundet.

I forslaget heiter det at det «ikkje skal vere amnesti berre fordi det tek lang tid før lovbrot blir oppdaga».

Christian Steel er generalsekretær i miljøorganisasjonen Sabima.

Fordelane ved å byggje i strandsona er nærmast evigvarande, og det tilsvarande tapet for naturen og fellesskapet er også evigvarande. Da bør også moglegheita til å etterforske vere evigvarande, seier han.

I 2019 uttalte Riksrevisjonen at «meir vekt på lokal handlefridom i kommunal arealplanlegging» gjer at «dei nasjonale måla ikkje vert følgt opp godt nok.»

Siri Bentserud Wingere i Riksrevisjonen seier til NRK at det kjem ein ny rapport til hausten.

Det er vanleg praksis at vi følger opp denne typen undersøkingar etter tre år for å sjå om forvaltninga har følgt opp våre anbefalingar.

I sommar fekk Cecilie Tofting Leiknes og Anders Hodder avslag på å bygge naust på den inneklemte tomten til høgre, på Krokeide sør i Bergen.

AVSLAG: I 2020 fekk Cecilie Tofting Leiknes og Anders Hodder avslag på å bygge naust på den inneklemte tomta til høgre, på Krokeide sør i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Omsynet til fellesskapet må vege tyngre

Det verkar som om det har utvikla seg ein konkurranse mellom regjeringa og Høgre om å svekke naturvernet mest mogeleg. Det er heilt utruleg gitt den alvorlege situasjonen vi står i, seier Lars Haltbrekken i SV.

Nestleiar i MDG, Arild Hermstad, kallar forslaget til Høgre «ein svært dårleg ide».

Klart det kan vere høveleg for folk at dei ikkje vert heldt ansvarleg for forhold som ligg langt tilbake i tid, men her må omsynet til fellesskapet vege tyngre, seier han.

MDG-leiar Une Bastholm stilte i førre veke spørsmål til statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) om signala frå kommunalministeren om å «lempe på nasjonale regler og retningslinjer for strandsonevern».

Mindre forsonleg er Ap-veteran Thorbjørn Berntsen, som ber den ferske kommunalministeren om å «halde fingra av fatet, og bruk dei heller til å plukke poteter».

Hermstad legg til:

Det kan vere mange tilfelle av lovbrot som ligg langt tilbake i tid, og som hindrar allmenn ferdsel. Det er ikkje betre med ei bryggje som er bygd ulovleg for 25 år sidan, enn ei bryggje som er bygd ulovleg førre veke.

Sigbjørn Gjelsvik i Redalen

POTETER: Ny kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik vil mjuke opp strandsonevernet i deler av landet. – Hald fingra av fatet, og plukk poteter, kvitterer Thorbjørn Berntsen (Ap).

Foto: Arne Stubhaug / NRK